Øystein Vikingsen Fauske 003
WATTN: Dagleg leiar Øystein Vikingsen Fauske i Wattn. Foto: Wattn
Nytt

Lanserer nye løysingar for smart straumforbruk

Det ny straumselskapet Wattn med digitale løysingar som skal hjelpe kundane å spare straum.

01.12.2021

- Det er veldig kjekt å endeleg kunne vise fram alle dei nye spennande løysingane vi har utvikla for smartare bruk av straum. Smart teknologi er eit viktig satsingsområde for oss, då framtida stadig blir meir elektrisk.

- Med auka bruk av straum og høge straumprisar er det desto viktigare for miljøet og lommeboka at straumen vert brukt smart. Vi har derfor lansert løysingar som skal gjere det lettare for kundane og både spare pengar og bidra positivt til miljøet.

Det seier dagleg leiar Øystein Vikingsen Fauske i Wattn i ei pressemelding.

Bak det nye straumselskapet står Tafjord, Tussa, Sogn og Fjordane Energi og Sognekraft.

Kundeapp
No lanserer Wattn blant anna ein ny kundeapp og bedriftsportal på plass for å gi både privat – og bedriftskundar innsikt og kontroll over eige straumforbruk gjennom prisvarsling, prognoser og analyser.

Det vert opplyst at med eit WattMeter kopla i straummålaren, kan både privat -og bedriftskundar få sanntidsdata om straumforbruket sitt i appen eller bedriftsportalen. Då har kunden til ei kvar tid oversikt over kor mykje straum som blir brukt, og kva den kostar.

- Har du elbil, sikrar smart lading at elbilen vert lada når straumprisen er lågast. Dette vil fungere uavhengig om kunden har heimeladar eller ikkje. Så enkelt kan ein oppdage unødvendig straumforbruk og gjere noko for å spare både klimaet og lommeboka, seier leiar for produkt og tenesteutvikling, Christian Aasebø, i pressemeldinga.

Varslingsteneste
Frå 1. januar vil selskapet også tilby varslingstenester når den nye nettleigemodellen vert innført. Ifølgje selskapet vil modellen vere til fordel for kundar som tilpassar forbruket sitt til når det er minst belastning på straumnettet. Nøkkelen vil ligge i eit jamt straumforbruk, og dette kan kundane enkelt overvake, tilpasse og redusere i appen.

Wattn har 50 tilsette fordelt på kontor i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta, Stryn og Vik i Sogn.

Publisert: 01.12.2021 10:01

Sist oppdatert: 01.12.2021 10:50

Mer om