Tek over 50 aaring i medvind
SYKKYLVEN: Europrofil-tilsette i Sykkylven lagar stålprodukt til industrien. Ronnie Speychal (innfelt) er nye administrerande direktør i bedrifta frå august. 
Nytt

Tek over 50-åring i medvind

Europrofil har auka inntektene og betra lønnsemda betydeleg dei siste åra. No har dei også fått ny sjef.

Marius Rosbach
06.10.2020

Europrofil i Sykkylven som hovudsakleg leverer tynnplateprofilar i stål til byggebransjen og har opplevd ein kraftig vekst dei siste åra.

Året 2018 blei eit solid rekordår med auke i inntektene på nær 65 prosent frå året før – og ein driftsmargin på meir enn 11 prosent. Fjoråret vart ikkje mykje dårlegare.

Omsetninga enda på 122 millionar og driftsresultatet på 10,5 millionar kroner (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil). I årsrapporten skriv styret at dei ser positivt på framtida, og ventar å levere gode resultat framover også.

Etter 2019-resultatet blei det teke ti millionar i utbytte. Eigenkapitaldelen var på drygt 54 prosent ved utgangen av året.

50 år i bransjen
I august starta Ronnie Speychal i stillinga som administrerande direktør i bedrifta som i år markerer 50 år i bransjen. Feiringa er utsett til neste år. 

Speychal har vore i bedrifta i kring ti år og uttaler i ei pressemelding at han er audmjuk ovanfor historia til selskapet, og utfordringa han har teke på seg. Selskapet vart starta i 1970 under namnet Norsk Profilutforming, men er no eit heileigd dotterselskap av det danske industrikonsernet Ib Andresen Industri Holding i Langeskov i Danmark.

I løpet av desse åra har dei levert rustfrie stålprodukt verda rundt. Kring 70 prosent av eksporten i dag går til Kina, medan Tyskland og USA er andre viktige eksportmarknader.

Positiv utvikling i norsk byggebransje
I tillegg til byggemarknaden, nyttast produkta til Europrofil i internasjonal papirindustri og syrevasking, mellom anna i maritim bransje.

I årsrapporten for 2019 som er datert i september, påpeiker styret at den totale byggemarknaden i Norge viser ein positiv utvikling og at behovet for nye bustader er aukande.

Det lovar godt for dei Europrofil-tilsette i Sykkylven og på Håhjem i Skodje. I Sykkylven lagar dei stål til industrimarknaden, medan syrevasking gjerast ved eit anlegg på Håhjem. Stålprofiler til bygg lagast ved Europrofil AB i Sverige. Bedrifta har også avdelingar på Hamar og i Drammen.

Les også: Omstilling skal gjere Sykkylven mindre sårbare

Europrofil ventar vekst og betre resultat

Publisert: 06.10.2020 10:32

Sist oppdatert: 22.01.2025 20:38