Tek over moebelhandelen i Stryn
UTVIDAR: Per Gunnar Frantzen (i midten) i Måløy, med sønene Andreas og Torstein, utvidar butikksatsinga til Stryn og etablerer sin andre Fagmøbelbutikk.
Nytt

Tek over møbelhandelen i Stryn

Måløy-familien Frantzen tek over møbelhandelen i Stryn.

14.01.2015
- Ut i frå den butikken vi har i dag så passar det godt med ein butikk til, seier eigar og dagleg leiar i Gangsø Eftf as, Per Gunnar Frantzen.
Kjøpmannen og eigedomsinvestoren frå Måløy går ut over kommunegrensene for første gang, og etablerer møbelbutikk i Stryn.
Frantzens Fagmøbler-butikk flyttar i neste veke inn i lokala som inntil nyleg husa Møbelringen sin butikk i Stryn sentrum.

Plass til ein

Det er berre plass til ein møbelhandel i kvar bygdeby i Nordfjord, meiner Frantzen.
- Hadde det vore ein aktør til (i Stryn, red. merk) så hadde vi aldri satsa, seier han.
Den nye møbelbutikken i Stryn får fire tilsette.
Butikken skal styrast og forsynast frå hovudkontoret og lageret i Vågsøy.

La ned

Eigaren av Møbelringen-butikken i Stryn, Bjørn Overå, forsøkte først å selge butikken, men enda med å selge ut varelageret og avvikle i staden.
NETT NO har ikkje lukkast med å få kontakt med Overå.

Utvida kjøpesenter

I tillegg til å drive møbelbutikk i Måløy driv Frantzen-familien og ein sportsbutikk og ein kafeteria. Alt er samla i familiens kjøpesenter, Måløy Stormarked i Deknepollen.
Om lag halvparten av senteret sine 7200 kvadratmeter er i bruk av familen sine eigne forretningar, resten utleigd til andre.
Frantzen jobbar med å utvide senteret med 5000 kvadratmeter til. Halvparten av arealet i den planlagde utvidinga er allereie utleigd, og måler er å ha bygget ferdig om to-tre år.
Dei to driftselskapa under Gangsø Holding, Gangsø Eftf og Mx Sport Måløy hadde til saman 20 millionar kroner i driftsinntekter i 2013 og eit samla resultat før skatt på 0,4 millionar. Eigedomselskapet P.G. Frantzen Eiendom hadde 4,2 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 0,6 millionar kroner.
Ut i frå den butikken vi har i dag så passar det godt med ein butikk til

Publisert: 14.01.2015 11:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40