Tek stilling til tog fly og baattrafikk
SAMFERDSEL: Fylkesutvalet har både Raumabanen, Widerøe-flygingar og Hurtigruten-anløp på sakskartet i Molde måndag. 
Nytt

Tek stilling til tog, fly- og båttrafikk

Batteri- eller hydrogentog på Raumabanen, nytt ansvar for flyruter og nye seglingstider for Hurtigruten står på sakslista til fylkespolitikarane.

Marius Rosbach
24.02.2020
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal tek stilling til trafikk både på jernbanen, i lufta og til sjøs når dei møtast i Molde måndag.
Fylkespolitikarane vil truleg gå inn for at det blir oppretta eit pilotprosjekt på Raumabanen med batteritog, etter at det blei innstillinga i samferdsleutvalet.
I sitt innspel til Jernbanedirektoratet sitt prosjekt «Nullutslippsløsninger for ikke-elektrifiserte baner», også omtala som NULLFIB, ber utvalet om at Raumabanen blir ein pilot for testing av batteridrift. Det er også innstillinga til fylkesutvalet sitt møte.

Analyse:


Trur på vekst for Raumabanen

Politikarane påpeiker at dei vil halde ope moglegheitene både for delelektrifisering og bruk av hydrogen. Fylkesadministrasjonen er også tilhengjarar av eit slikt pilotprosjekt. I saksutgreiinga blir det påpeika at Raumabanen med sine høgdeforskjellar og moglegheiter for vinterdrift, kan gi erfaringar som kan delast også utanfor Norge.
Fylkeskommunedirektøren viser til at Raumabanen både er eit turistprodukt og ei transportåre inn til fylke, med potensiale for vekst. Svenske Jarnvägar skal ta over drifta på strekninga og har signalisert at dei vil auka frekvensen.
– Ei del-elektrifisering av banen kan skape moglegheiter for ytterlegare auka tilbod, som til dømes å starte opp igjen nattogtilbodet, heiter det i .
Det blir også jobba for å få gjennom Romsdalen.

Les også:


Rolf Fiskerstrand

:

– Positivt med Hurtigruten-endringar

Mellom står også den nye seglingsplanen til Hurtigruten. førre veke – som medfører betydeleg lengre liggetid i Ålesund på nordgåande rute på vinterstid, men at skipa berre blir liggande eit kvarter i Molde og Kristiansund.
I forslaget til vedtak heiter det at fylkeskommunen ser at endringane for nordgåande «vil kunne bidra til både sesongforlenging og utvikling av nye reiselivstilbod som kan bli tilbydd passasjerane på Kystruten. Nye tilbod til passasjerane vil kunne gi ringverknader for store delar av fylket», heiter det i .
Samtidig blir det påpeika at dei nye rutene får negative konsekvensar i Molde og Kristiansund – spesielt i dei sju vintermånadane. Då blir Hurtigruten liggande seks og ein halv time lengre til kai i Ålesund. Frå juni og ut oktober går skipa til Geiranger eller Urke om lag som før.

Vil bli involvert tidlegare

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik foreslår også at politikarane tek inn i høyringssvaret at fylkeskommunen oppmodar Hurtigruten om å involvere dei tidlegare ved seinare endringar.
– Fylkeskommunane kjenner reiselivsnæringa i eigen region og kan kome med innspel som kan bidra positivt både for passasjertilbodet og reiselivsnæringa i fylket, heiter det i forslaget til vedtak.

Les også:


Reiselivssjefen på Sunnmøre:


Får ansvaret for Hovden-Bergen

Fylkesutvalet skal også ta stilling til om dei vil ta over kontraktsansvaret for flyruta Ørsta-Volda til Bergen i perioden før 2024.
Fylkeskommunedirektøren meiner den økonomiske risikoen er større enn gevinsten, og bad politikarane seie nei. Det gjekk også fleirtalet i samferdsleutvalet inn for.
Det er bestemt at ansvaret for desse regionale rutene uansett skal overførast til fylka frå 2024. I til vedtak, blir det bedt om at kommunal- og moderniseringsdepartementet lagar ein ny kostnadsnøkkel for inntektssystemet for kortbanenettet seinast ved utgangen av året.

Les også:



(ekstern lenke)
Nye tilbod til passasjerane vil kunne gi ringverknader for store delar av fylket

Publisert: 24.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53