Denne veka blei det om å flytte hovudkontoret til «nye» GIEK/Eksportkreditt, levert til Stortinget.
Mellom dei som står bak er stortingspolitikarane Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug frå Sunnmøre.
Dei vil at hovudkontoret for eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge blir lagt til Ålesund, og eit lokalkontor blir plassert i Bergen.
Frp meiner ei etablering av GIEK/Eksportkreditt bør følgje desse retningslinjene, og at flytting til Ålesund/Bergen er i tråd med formålet.
At desse byane manglar den nødvendige kompetansen, slik ein Deloitte-rapport har konkludert, går dei ikkje med på.
Dei viser til at det er bygd opp store og solide fagmiljø, som også inkluderer finansiell kompetanse, både i den maritime klynga på Sunnmøre og i shippingmiljøet i Bergen.
(ekstern lenke)
Kommunikasjonsrådgjevar Haakon Sandvik for Frp si stortingsgruppe opplyser til NETT NO at det ikkje er klar ein komité for saka enno. Difor er det vanskeleg å seie når saka kjem opp, men Sandvik anslår «tentativ handsaming truleg før påske».
Tidspunktet for når saka kjem opp, kan vere avgjerande for utfallet. Førebels har ingen andre parti flagge si støtte til dette konkrete forslaget, men Senterpartiet har klarast teke til orde for ei desentralisering.
Styreleiar Morten Støver påpeiker til NETT NO at det ikkje er hans rolle å meine noko i lokaliseringsdebatten. Han viser til mandatet dei har fått frå regjeringa, der dei har fått beskjed om at eininga skal ligge i Oslo.
– Om nokon skal meine noko om lokalisering, er det naturleg at det kjem frå politisk hald, seier han.
Støver legg samtidig til at han meiner det vil vere «naturleg» at forslag til ei anna lokalisering, kjem opp når den nye eininga er oppe og går.
Forkjemparane for flytting av «nye» GIEK til Ålesund, har på si side peika på at det nettopp i denne prosessen, kan vere naturlig å tenke alternativ plassering.
I eit førre veke sette Steinar Reiten (KrF) ord på den auka frustrasjonen med GIEK mellom næringslivet i regionen.
Også politikarar frå og har teke til orde for ei desentralisering, saman med flere .
Mellom dei som står bak er stortingspolitikarane Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug frå Sunnmøre.
Dei vil at hovudkontoret for eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge blir lagt til Ålesund, og eit lokalkontor blir plassert i Bergen.
Viser til statlege retningslinjer
I forslaget viser Frp til dei statlege retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar, som har ein «klar intensjon å både forsterke og bygge opp nye kompetansearbeidsplassar utanfor Oslo», skriv representantane.Frp meiner ei etablering av GIEK/Eksportkreditt bør følgje desse retningslinjene, og at flytting til Ålesund/Bergen er i tråd med formålet.
At desse byane manglar den nødvendige kompetansen, slik ein Deloitte-rapport har konkludert, går dei ikkje med på.
Dei viser til at det er bygd opp store og solide fagmiljø, som også inkluderer finansiell kompetanse, både i den maritime klynga på Sunnmøre og i shippingmiljøet i Bergen.
(ekstern lenke)
Trur saka kjem opp før påska
Førebels er det uklart når representantforslaget kjem til votering i Stortinget.Kommunikasjonsrådgjevar Haakon Sandvik for Frp si stortingsgruppe opplyser til NETT NO at det ikkje er klar ein komité for saka enno. Difor er det vanskeleg å seie når saka kjem opp, men Sandvik anslår «tentativ handsaming truleg før påske».
Tidspunktet for når saka kjem opp, kan vere avgjerande for utfallet. Førebels har ingen andre parti flagge si støtte til dette konkrete forslaget, men Senterpartiet har klarast teke til orde for ei desentralisering.
Har frist 1. juli
Interimstyret som jobbar med å slå saman dei to institusjonane, har frist til 1. juli med å få på plass ei ny operativ eining.Styreleiar Morten Støver påpeiker til NETT NO at det ikkje er hans rolle å meine noko i lokaliseringsdebatten. Han viser til mandatet dei har fått frå regjeringa, der dei har fått beskjed om at eininga skal ligge i Oslo.
– Om nokon skal meine noko om lokalisering, er det naturleg at det kjem frå politisk hald, seier han.
Støver legg samtidig til at han meiner det vil vere «naturleg» at forslag til ei anna lokalisering, kjem opp når den nye eininga er oppe og går.
Forkjemparane for flytting av «nye» GIEK til Ålesund, har på si side peika på at det nettopp i denne prosessen, kan vere naturlig å tenke alternativ plassering.
Heit debatt
Diskusjonen kring lokaliseringa har teke fyr, som følgje av Stig Remøy sitt forslag om å .I eit førre veke sette Steinar Reiten (KrF) ord på den auka frustrasjonen med GIEK mellom næringslivet i regionen.
Også politikarar frå og har teke til orde for ei desentralisering, saman med flere .
Meir om saka:
Synspunkt:
Publisert: 22.01.2021 01:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12