Tener bra paa desse to soestrene
RESULTAT: Både Rem Mist og søstra Rem Hrist har arbeid til ut i 2022 for Equinor.
Nytt

Tener bra på desse to søstrene

Etter av- og nedskrivingar på 150 millionar i 2017, enda 2018 godt i pluss for drifta av PSV-ane Rem Hrist og Rem Mist.

01.07.2019

Det er Remøy Group-dottera Nordsjøbas AS som har langsiktig leasa dei Ulstein-bygde søsterskipa gjennom SEB-banken.

Totalt segla dei to PSV-ane inn 130 millionar kroner i 2018. Driftsresultatet enda på 34,1 millionar kroner og resultatet før skatt på 12,8 millionar.

Året før var det blodraude tal etter store av- og nedskrivingar. No forventar styret at det ikkje vert behov for nye nedskrivingar, vert det opplyst i årsrapporten.

Equinor-arbeid
Fartøya har gått på langsiktige kontrakter for Equinor. I desember 2018 vart kontraktane fornya med ytterlegare tre år, og varer til mars 2022 for Rem Hrist og til mai 2022 for Rem Mist.

Det vert opplyst at reiarlaget mottar gode tilbakemeldingar frå oppdragsgivaren, som no har stilt krav om batteripakkar. Desse skal på plass i løpet av 2019 ved Vard Brattvaag etter at Vard Electro fekk kontrakten på batterihybrid-løysinga.

Les her: Får batteri på tre PSV-ar etter Equinor-kontrakt

Akseptabel inntening
Styret opplyser at dei nye kontraktane svekker resultatet, men inneber ein fornuftig finansiell struktur med stabil og akseptabel inntening i dagens marknadssituasjon.

Drifta av båtane er sett bort til Remøy Shipping.

Båtane sysselsette i fjor 57 årsverk, som var innleigde gjennom RS Crewing.

Den langsiktige gjelda i Nordsjøbas AS var ved årsskiftet på 417 millionar kroner.

Betre for Remøy Group
Saman med PSV-en Rem Eir, så bidrog drifta av dei tre PSV-ane til at resultatet for morkonsernet Remøy Group vart betydeleg forbetra i fjor.

Totale inntekter kom opp i 199 millionar kroner, men på botnlinja vart det likevel eit underskot på 14 millionar kroner.

Sentralt her var at seismikkskipet Geco Scorpio låg i opplag heile året, men har i 2019 blitt seld til Sande-selskapet Sanco og skifta namn til Sanco Scorpio.

Les her: Sanco kjøper Geco Scorpio

Remøy Group består av Remøy Shipping, RS Crewing, eigedomsselskapet Fosnagard, Remship og selskapet Fam som leaser kystvaktskipet Magnus Lagabøte fram til 2024.

Eigarar er Joakim Remøy, Line Remøy og Helene Remøy gjennom W Holding.


Publisert: 01.07.2019 08:18

Sist oppdatert: 21.07.2022 14:55