Havfisk illustrasjon foto Havfisk
VENTA: Torskeprisen i tredje kvartal var berre tre prosent under tilsvarande kvartal i fjor. Lerøy Havfisk har vald å fiske meir av torskekvota si i slutten av året for å få med seg prisstigninga. Foto: Lerøy Havfisk
Nytt

Tener på utsatt fiske

Lerøy Havfisk tener på å ha venta med å fiske opp torskekvota si.

11.11.2021

Ved inngangen til 4. kvartal i år hadde Lerøy Havfisk i Ålesund att 38 prosent av torskekvoten sin for 2021. Ved inngangen til 4. kvartal i fjor var 30 prosent att.

Utsett torskefiske har vore ein medveten taktikk frå Lerøy Havfisk, som er ein del av børsnoterte Lerøy Seafood Group. Konsernet driv med oppdrett, fiskeri, fiskeforedling, distribusjon og sal.

Les børsmelding her

Etterkvart som dei negative verknadane av den verdsomspennande koronaepidemien har blitt mindre har torskeprisen stige. Det kan Lerøy Havfisk med sine 10 trålarar profitere på no.

Tre prosent under
Koronaepidemine førte til at etterspørselen etter spesielt torsk i det viktige hotell-, restaurant- og cateringsmarkndaden krympa. Dermed fall prisen.

Hellet for blant andre Lerøy Havfisk var at reiarlaget allereie hadde fiske ein stor del av torskekvoten før epidemien kom i 2020. I år har reiarlaget flytta meir av torskefisket til slutten av året. Torsk er det viktigaste fiskeslaget for reiarlaget.

Gjennomsnittsprisen for torsk hittil i år er 17 prosent under gjennomsnittsprisen for 2020, ifølgje kvartalsrapporten til Lerøy Seafood Group. I tredje kvartal er prisen kome på same nivå. Gjennomsnittsprisen i tredje kvartal i år er berre tre prosent under nivået i tredje kvartal 2020.

Betre på land
Lerøy Havfisk er ein del av villfisk-segmentet i Lerøy Seafood Group. Segmentet omfattar også fiskeforedlingsselskapet Lerøy Norway Seafoods.

Lerøy Norway Seafoods driv 12 mottak og foredlingsanlegg i Norde-Noreg.

Konsernet skriv at ei "signifikant" betring i resultata frå fiskeforedling medverkar til resultatforbetringa i 3. kvartal (sjå tabell).

Villfisksegmentet Lerøy Seafood Group ASA
(Lerøy Havfisk/Lerøy Norway Seafoods)

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt20752054
Driftsresultat267215
Villfisksegmentet Lerøy Seafood Group ASA

(Lerøy Havfisk/Lerøy Norway Seafoods)

3. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt522453
Driftsresultat17-50
Lerøy Seafood Group ASA (konsern)
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt1654414790
Driftsresultat24651366
Resultat før skatt24611207

Publisert: 11.11.2021 08:51

Sist oppdatert: 11.11.2021 09:20