Tener pengar paa eiga hand
BETRE LØNSEMD: Møre auka lønsemda i fjor, og er saman med Vestlandsnytt mellom dei mest lønsame avisbedriftene på Nordvestlandet.
Nytt

Tener pengar på eiga hand

Auka innsats sikra at Møre held annonseinntektene oppe.

02.09.2015
Dei to største frittståande lokalavisene på Nordvestlandet fekk gode overskot i 2014.
Saman med og (sjå også Relaterte saker) skil Vestlandsnytt i Herøy og Møre i Volda seg ut som avisene med dei beste økonomiske resultata i fjor (sjå tabell).
Konkurrentane i Polaris-konsernet gjekk nesten utan unntak i minus i fjor.

Snudde trenden

Etter at annonseinntekten fall med rundt ein million kroner frå 2012 til 2013, tok eigarane av Møre grep og auka innsatsen på annonsesida i 2014. Det stoppa fallet i annonseinntektene. Saman med kostnadskutt gav de auke i overskotet samanlikna med 2013. Så langt i år ser det ut til at utgivarselskapet Aarflots Prenteverk klarer same resultat som i fjor.
-Vi har jobba meir med annonser, seier redaktør og dagleg leiar Tore Aarflot.
Mellom tiltaka som dreg annonsekroner er eit reiselivsmagasin som i sommar vart publisert for andre gong, og distribuerte til alle husstandar frå Otta til Runde.

Takka nei

2014 var første heile driftsår etter at Tore Aarflot og dottera Tonje takka nei til eit bod frå Polariskonsernet og kjøpte ut dei andre eigarane i Aarflots Prenteverk.
Sunnmørsposten sitt bod prisa Møre til åtte millionar kroner.
Tore Aarflot er sjette generasjon eigar av Aarflots Prenteverk, som gir ut Møre og driv trykkeri. Forgjengaren til avisa vart starta allereie i 1810, og er avisa er den eldste lokalavisa i landet.

Aarflot angrar ikkje på at han og dottera satsa vidare på eiga hand.
-Det føles bra, seier han.

Ventar på kommunesamanslåing

Konkurrenten Møre-Nytt i Ørsta vil ikkje kopiere sparetiltaka som Fjordingen og Fjordenes Tidende innførte tidlegare i år. Dei to avisene gjekk ned frå to til tre papirutgåver i veka.
Før den nye kommunestrukturen, der samling av Ørsta og Volda er eitt alternativ, er klar er færre utgåver ikkje aktuelt for Møre-Nytt. Både Møre-Nytt og Møre kjem i så fall til å satse på å dekke heile den nye kommunen.
Vi har jobba meir med annonser

Publisert: 02.09.2015 13:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46