Tener paa toerke og varme
BESTE ÅR SIDAN 2012: Hegelin Waldal og ektefellen Audun Skjervøy får sitt beste jordbærår sidan 2012. Jordbærbøndene i Valldal får meir bær og betre pris.
Nytt

Tener på tørke og varme

Varmen og tørken har vore god for jordbærbøndene i Valldal. 

21.07.2018
Hos Valldal Grønt reknar dagleg leiar Harald Valle med å ta i mot over 400 tonn jordbær før sesongen er omme. Det er ein auke på over 10 prosent sidan i fjor, og i tillegg ligg jordbærbøndene an til å få betre prisar enn i 2017.
Grunnen er varmen og tørken, som har både framskunda og redusert avlingane på Austlandet.
Det passar godt for valldalingane, som kjem inn i marknaden med sine bær når leveransane frå Austlandet skrumpar inn.

Meir og betre

Dei fleste jordbærbøndene i Valldal har vatningsanlegg og klarer difor å produsere meir og med betre kvalitet i år enn i fjor, i følgje Valle.
Varmen har sett bøndene under litt press fordi plukkesesongen er meir komprimert.
- Utfordringa er at det ikkje er nok plukkarar, seier Valle.
Han anslår at det er rundt 400 utanlandske plukkarar i Valldal.

Toppen denne veke

Denne og førre veka har vore dei travlaste i sesongen, seier Hegelin Waldal som driv jordbær- og potetproduksjon saman med ektefellen Audun Skjervøy.
No er det eit par veker att før sesongen ebbar ut.
- Det er mykje betre, seier Waldal, om utfallet av 2018-sesongen samanlikna med 2017.
I år reknar Waldal og Skjervøy med å passere 40 tonn jordbær, den beste sesongen dei har hatt sidan 2012.
Dei har rundt 20 tilsette plukkarar, som vil tene tilsaman cirka 440.000 kroner denne sesongen.

Vatningsanlegg

Jordbæråkrane til Waldal og Skjervøy har drypptørkingsanlegg der slangar går gjennom kvar einaste får. Vatnet blir henta frå elva, og vatninga har sikra gode avlingar trass den tørre sommaren.
Varmen som kom i mai har komprimert sesongen for dei, som for resten av jordbærbøndene, og Waldal og Skjervøy har tidvis prioritert plukking i dei beste åkrane fordi det har vore uråd å få med seg alt.

Færre bønder

I dag er det rundt 25 bønder som driv med jordbær i Valldal.
Det er blitt færre bønder med åra og mindre dyrka areal. På topp - tidleg på 2000-talet - var avlingane dobbelt så store som dei blir i år.
Skjervøy meiner grunnen til nedgangen mellom anna er auka kostnadar knytt til innkvartering og løn til plukkarar, og skjerpa krav til handtering av bæra, mellom anna kjøling.

Publisert: 21.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24