Testar alternativ til dynamisk posisjonering
POSISJONERING: Når Island Innovator og andre boreriggar skal bore blir dei haldne i rett posisjon ved hjelp av propellar. Deep Tek i Fosnavåg får støtte til å utvikle eit supplement til energikrevjande motorbruk, ved hjelp av tau og trommelvinsjar.
Nytt

Testar alternativ til dynamisk posisjonering

Deep Tek i Fosnavåg får støtte til å teste ut nytt posisjonerings-system for boreriggar. Første trinn i testing og utvikling skal skje i simulator.

06.07.2017
Ideen bak Deep Tek er å supplere dynamiske posisjoneringsystem der propellar går kontinuerleg for å halde flytande boreriggar på plass.
Slike riggar, som til dømes "Island Innovator" ligg på ein plass i ein månads tid, før dei flyttar seg til neste boreoppdrag.
I staden for å basere seg berre på propellar vil Deep Tek, med britiske Moya Crawford og Brimersjef Håvard Haanes som eigarar, vil Deep Tek supplere med spesialutvikla fibertau og trommelvinsjar. Anker skal forankre riggen til havbotnen, og vinsjane brukast til å justere at den ligg stabilt i posisjon.

Sparer energi

Poenget er å spare energi og redusere utslepp. Tau og vinsjar gjer at motorane som driv propellane anten kan slåast av eller brukast mindre.
Det spesielle med utvikling av systemet er at den første utviklings og test-fasen skal foregå i simulator. Det vil mellom anna gjere det råd å utvikle produktet raskare enn ved å starte med ein fysisk prototype følgje Crawford.

Omstilling etter oljeprisfall

Deep Tek er eitt av i alt 11 prosjekt i Møre og Romsdal som så langt har fått støtte frå Regional Forskningsfond Midt-Norge til omstillingsprosjekt etter oljeprisfallet. (Sjå lista i faktaboks)

Regjeringa lyste i fjor ut 50 millionar kroner gjennom Forskningrådet til å støtte prosjekt som bidreg til omstilling blant leverandørar i maritim- og petroleumssektor. Det er ein del av desse midlane som no går til Deep Tek og andre prosjekt i Møre og Romsdal.

Første gang

Deep Tec-prosjektet skal skje i samarbeid med Offshore Simulator Centre i Ålesund, NTNU og forskarar i Skottland og Nederland.
Dagleg leiar Joel Mills seier det er første gang senteret er med på ei utvikling av eit produkt ved hjelp av virtuell prototyping heilt frå starten. Målet er å finne ut om og korleis eit slikt system kan fungere, og kartlegge kostnadar og eventuelle økonomiske gevinstar.

Stresstest

Offshore Simulator Centre har også fått støtte til eit eige prosjekt i samarbeid med NTNU. Der skal mannskap som arbeider med krevande operasjonar til havs skal utstyrast med sensorar og gjennomføre simultarorøvingar. Målet er å finne ut korleis dei reagerer i stressande situasjonar og om korleis reaksjonsevna blir påverka av om dei er trøtte eller ei.
Resultater av prosjektet kan føre til ulike resultat, frå regelendringar for kvile og arbeidstid, til bruk av sensorar og registreringsystem som varslar når ei arbeidstakar er uforsvarleg trøtt og må få kvile.

Skip og stol

Sykkylven Stål får støtte til utvikling av eit internasjonalt stolkonsept og ÅKP får støtte til å å kartlegge vilkår for bruk av ein virtuell skipsmodell som er opne for bruk av alle.

Publisert: 06.07.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11