Bunker Oil selde drivstoff for 9,9 milliardar kroner i 2023, men ei regelendring om CO2-avgift for drivstoff til fiskeflåten frå 1. juli i år kunne ført til at ein tredjepart av inntektene forsvann.
– Vi hadde ikkje ei einaste stor bestilling frå havfiskeflåten per 1. juli, seier driftsdirektør Maren Kleven Fox i Bunker Oil til Nett No.
I juni varsla finansminister Jens Stoltenberg (Ap) at fritaket for CO2-avgift for fiskefartøy i utanriksfart skulle opphevast frå 1. juli. Inntil den endringa kom kunne norske fiskarar fylle drivstoff til dømes på Bunker Oil sine anlegg i Noreg, deretter dra til Shetland eller anna utanlandsk hamn og starte fisket derifrå - og dermed få fritak for CO2-avgifta. Den metoden var det mange som brukte for å unngå den særnorske CO2-avgifta, og det ville Ap-regjeringa ha slutt på. For Bunker Oil slo det umiddelbart ut i kansellering av bestillingar frå fiskebåtreiarar som valde å fylle drivstoff i utlandet i staden for i Noreg.
I går - på Kleven Fox sin første arbeidsdag etter ferien - slo regjeringa retrett og utsette regelendringa til 1. januar neste år.
Glade kundar
– Eg har prata med mange kundar og alle er glade for at dette har snudd, seier Kleven Fox til Nett No etter at meldinga frå regjeringa kom i går.
Då regelendringa kom, varsla ho at det ville bli ei massiv flukt frå bunkersanlegg i norske hamner - og fekk rett.
Ho peikar på at regjeringa trassa alle råd i høyringsrunden før regelendringa frå 1. juli.
– Eg synest dette har vore veldig slett arbeid, seier Kleven Fox om regjeringa sitt vedtak om å endre regelverket.
Fare for nedlegging
Bunker Oil har hovudkontor og anlegg i Ålesund.
I tillegg har selskapet to bunkersanlegg i Tromsø og tre i Finnmark og driv eit anlegg ved Stavanger. Anlegg i Finnmark sto i fare for å bli lagt ned om regelendringa hadde blitt ståande.
No vonar Kleven Fox at kundane som forsvann då regelendringa kom raskt vil vende attende.
Men selskapet er uansett råka av auka CO2-avgift, ved at ein del fiskebåtar allereie har gått over til å fylle drivstoff i utlandet og ved at utanlandske fartøy ikkje lenger bunkrar i Noreg.
Les også
Mener regjeringa driver grønnvasking, mens klimautslippene øker som følge av regelendring.
– Det er nesten kriminelt, seier Bunker Oil-sjefen om den politiske handteringa av klimagrepet.
Publisert: 22.07.2025 05:00
Sist oppdatert: 21.07.2025 20:55






