Testar solceller på Hofseth-anlegg
Sande-gründerar har laga flytande løysing som dei håpar kan gjere oppdrettsanlegg sjølvforsynte med straum.
Gründerane i Inseanergy testar for tida eit solcelleanlegg på eitt av Hoseth Aqua sine anlegg i Stranda. Om alt går etter planen, har dei eit ferdig produkt for sal til våren.
Det Sande-baserte selskapet gjekk måndag ut med ei pressemelding og ein Youtube-film som forklarar kva selskapet jobbar med. Ved hjelp av flytande solceller som blir installert i presenningselement, skal dei lage energi for å drifte oppdrettsanlegg.
– Vi skal nytte dei komande vintermånadene til å teste om funksjonane verkar slik dei er tenkt. Så håpar vi å ha eit produkt klar for sal til våren, fortel dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Inseanergy til NETT NO.
Arbeidet har fått støtte frå Innovasjon Norge, og målet er å utvikle ei løysing som tek seg av alt energibehovet for oppdrettsanlegga i framtida.
Kan droppe aggregat delar av året
Pilotanlegget som blir testa av Hofseth Aqua er ikkje stort nok til å erstatte alt anna energibehov, men Klepp anslår at dei store delar av året kan droppe dieselaggregatet.
Det er nærare 500 panel installert på pilotanlegget ved Opshaugvik, men det er for tida ikkje produksjon av fisk i merdane.
Hofseth Aqua-eigar Roger Hofseth uttaler i pressemeldinga at han trur bruk av solceller kan ha eit stort potensiale innan havbruk, spesielt der det ikkje er anna tilgjengeleg straum.
Trur på stort salspotensiale
Løysinga frå Sande-selskapet skal vere fleksibel, og kan enkelt oppgraderast med ny solcelleteknologi. Den er ikkje avhengig av direkte sollys for å produsere, og klarer seg med vanleg dagslys.
No er gründerane spente på om det toler påkjenningane med ver og vind over vinteren. Om dei lukkast, har dei tru på at solcelleanlegget deira kan ha eit stort salspotensiale internasjonalt.
Berre i Norge er det meir enn 1000 merdar som skal skiftast ut dei neste åra. Med løysinga til Inseanergy, meiner gründerane at det er mogleg å bruke desse opp att med solceller installert.
Samarbeid med Plany
Jan Erik Våge Klepp er framleis dagleg leiar i Plany, og skal helde fram i den rolla. Inseanergy og Plany har planar om å samarbeide om produksjonen av solcelleanlegga.
S. Notøy Eiendom – som eig 100 prosent av Plany - og Klepp er dei største eigarane i det nye selskapet, som også har adresse Haugsbygda.
Les også: Nysatsing kosta for Plany
Foreslår nytt veikart for oppdrett til havs
Milliardinvestering i torskeoppdrett
Får støtte til nyvinning for oppdrett
Vi skal nytte dei komande vintermånadene til å teste om funksjonane verkar slik dei er tenkt. Så håpar vi å ha eit produkt klar for sal til våren
Publisert: 21.12.2020 17:23
Sist oppdatert: 26.07.2021 11:39