Testar superskipet til Roekke fraa denne brua
PROVISORISK: Hovudmotorane på Rev Ocean-skipet er kopla inn og blir testa frå denne provisoriske brua. 
Nytt

Testar superskipet til Røkke frå denne brua

To av tre arbeidarar ved Brattvåg-verftet trengst til å bygge Rev Ocean-skipet. Verftsdirektøren fortel at dei er på oppløpssida og komne til testfasa.

Marius Rosbach
12.02.2020

Arbeidet med å bygge verdas største forskingsskip – og yacht – er ein kjempejobb for Vard. Ikkje berre ruvar det nær 183 meter lange skipet godt ved verftskaia i Brattvåg. Det sikrar også jobb til store delar av konsernet. Berre på Brattvåg-verftet er om lag 550 av dei 800 arbeidarane innafor portane opptekne med prosjektet.

nettnohalf

– Medrekna alle tilsette som er involvert i prosjektet frå Vard si side, trur eg det kan dreier seg om kring 1500 til 2000 personar, om vi tek med design, utstyrsleverandørar, skrogbygging i Romania - og dei her på verftet, fortel verftsdirektør Dag Vikestrand til NETT NO.

Vikestrand fortel at verftet er kome på oppløpssida i arbeidet og er i uttestingsfasen.

– Vi har fått i gong hovudmotorane, noko som er ei viktig milepåle. Parallelt har vi høg grad av utrusting om bord, påpeiker han.

Som å kombinere fleire skip i eitt
Det er mange Vard-selskap som er involvert. Den Monaco-baserte nordmannen Espen Øino har designa skipet i samarbeid med Vard sine designarar i Ålesund. På brua kjem konsernet si Sea Q «Green Pilot»-løysing som skal overvake utslepp, og dotterselskapet Seaonics sin logo er godt synleg på kraner og vinsjar om bord på skipet.

nettnohalf

– For verftet betyr det også utruleg mykje. Ein ting er at vi blir sett på kartet og marknadsført. Men at vi er med å skape eit skip til det formålet det skal brukast til, er blitt ein snakkis her på verftet, seier Vikestrand.

Verftsdirektøren fortel at dei har vore borti det meste av både utstyr og metodar som skal nyttast om bord – men aldri på eit og same skip. Her kjem både yachtluksus, fisketrål og forskingsutstyr side om side.

– Vi er vande med å bygge komplekse skip, men dette er både ein yacht og eit forskingsskip. Kombinasjonen gjer det veldig interessant - og til tider krevjande, legg han til.

Står framleis att mykje arbeid
Nina Jensen leiar heile Rev Ocean-prosjektet. Ho er ikkje tett på sjølve bygginga av båten, men har vore på verftet fleire gonger. Ho var med då NETT NO og anna presse fekk kome om bord tysdag.

nettnohalf

– Eg er utruleg imponert over arbeidet ved verftet. Det er eigentleg ein kombinasjon av tre-fire skip, og det ikkje bygd noko tilsvarande i verda, seier ho.

I skipet var det eit yrande liv med arbeidarar frå botn til topp då NETT NO var om bord. Dei fleste veggar og tak om bord er førebels opne. Her og der stikk det ut ledingsbuntar. Til saman er det trekt kring 1000 kilometer med kablar.

Kjell Inge Røkke har ønska mest mogleg norske leverandørar. Fleire selskap frå Nordvestlandet har allereie levert utstyr – og framleis er ikkje alle leverandørar valt.

Les meir: – Vil bli et flytende utstillingsvindu for norske leverandører

Om bord er det førebels laga til ei provisorisk bruløysing der manøvreringsspakane er komne på plass. Ein må førebels berre sjå føre seg korleis det blir ferdig om eit drygt år.

Må kunne segle i 120 dagar
Når det kjem til motorar gjekk avtalen til finske Wärtsilä. Det blir dieselelektrisk framdrift og batteripakkar om bord gjer at det er mogleg å segle kortare distansar med eldrift.

nettnohalf

Jensen fortel at dei har spurt seg føre og snudd kvar stein i marknaden for å få den mest miljøvennlege framdrifta – samtidig som skipet skal kunne vere på ekspedisjonar på opptil 120 dagar.

Skipet skal vere sjødyktig og ferdig frå verftet på denne sida av sommaren. Då skal det vidare til Tyskland for innreiing av eksklusivt interiør og utstyr til dei i alt åtte laboratoria, og etter kvart utvending finish.

Planen er å segle det første toktet langs norskekysten i mai neste år. Vidare skal dei segle via Grønland til USA, og til Sørishavet.

Les mer om Rev Ocean: Forskerne står i kø

Sjøsatte superyachten Vard bygger for Røkke

Røkke byggjer rekordskip hos Vard

Familiebedrift veks kraftig på prestisjejobbar

Espen Øino: – Klisjeen om at kundene spiser kaviar og drikker dyr vin hver dag, stemmer ikke


Publisert: 12.02.2020 17:11

Sist oppdatert: 03.02.2022 22:41