Thon trur paa Fosnavaag suksess
GODT NØGD: Olav Thon er medeigar i bygget og eigar i Thon Hotels, som skal drive det nye hotellet i Fosnavåg.
Nytt

Thon trur på Fosnavåg-suksess

Hotelleigar Olav Thon trur hotellet i Fosnavåg vil skape ringverknadar i heile lokalsamfunnet.

13.10.2014
- Eg har bygd hotell på store stadar som Brüssel i Belgia, og har bygd på små stadar, mykje mindre enn dette. Det viser seg at viss eit hotell kjem på ein plass så blir det knoppskyting for resten av næringslivet, seier Thon.
I dag benka han seg mellom to av dei største bidragsytarane til hotellbygget, Per Sævik og Stig Remøy, då opninga av hotell/konserthus/simulatorsenteret vart markert med snorklipping, omvisning og 280 gjester til middag i konsertsalen.
- Samfunnsmessig er det veldig tilfredsstillande, seier Thon om opninga.

Mellom

Stig Remøy trur hotellet vil auka både livskvalitet og bulyst i Herøy.
- Eg trur at vi i ettertid vil det vere ei tid etter hotellet og ei tid før hotellet, sa Remøy i talen under opninga.
Per Sævik var like nøgd, over ei investering på til saman rundt 380 millionar kroner.
- Er det nokon dag vi i Fosnavåg og Herøy kommune skal bruke uttrykket "Yes, We can" så er det i dag, sa Sævik i sin tale.

Mellom

Totalt har hotellet 115 rom. Der er restaurant med sitjeplassar til 220, to selskapslokale, fire konferanserom og seks møtesuiter.
Kombinasjonen med å legge konserthus og kino inn i hotellet, og ikkje minst simulatorsenteret gir hotellet ein flying start, meiner hotellekspert.

Fleire bidragsytarar

Midlane som Herøy kommunen får som kompensasjon for at næringslivet i kommunen vart pålagd auka arbeidsgivaravgift i 2004 har mellom anna blitt brukt til å finansiere det nye hotellanlegget. Til saman er det gitt tilskot på tilsaman 59 millionar kroner i kompensasjonsmidlar. I tillegg er det og brukt pengar på opprusting av uteområdet i Fosnavåg sentrum, der hotellet ligg, og til vegløysing til hotellet.

Men hotellanlegget hadde ikkje blitt bygd utan private tilskot.

Fleire bidragsytarar

Gjennom Fosnavåg Vekst eig Stig Remøy, Per Sævik og familien og Thon Hotels hotellbygget og er storaksjonær i parkeringsanlegget.
Fosnvavåg Konserthus as, eig konserthuset/kinoanlegget, som er bygd saman med hotellet. Her er kommunen største aksjonær, medan Åge Remøys selskaps Rem Offshore er største private aksjonær gjennom dotterselskapet Rem Ship. Havyard Group og Olympic Shipping er tredje of fjerde største eigar i konserthus-selskapet.
Simulatorsenteret kosta rundt 60 millionar kroner og er eigd av Havila Shipping og Olympic Shipping (32 prosent kvar), Bourbon Offshore (22,5 prosent), Remøy Shipping (12,8 prosent) og Rem Offshore (0,7 prosent.)
Er det nokon dag vi i Fosnavåg og Herøy kommune skal bruke uttrykket "Yes, We can" så er det i dag

Publisert: 13.10.2014 18:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38