Tidlegare kollegaer i advokatfirmaet Advocator har på nytt vore i retten for å løyse ein strid dei i mellom.
Advokatfirmaet ved Jahn Waage Aurdal kravde betaling av fakturaer på kring 66.000 kroner som var utført for Kjøbmann Hans Andreas Widerøe og Hustru Bertine Andrea Født Lolands Legat og Frøken Marie Kristine Møllers Legat.
Tidlegare Advocator-advokat Are Opdahl hadde utført arbeidet, og representerte legatane i Møre og Romsdal tingrett.
Det omstridde arbeidet blei utført over ei periode frå 2015 til 2022.
Den lange tida det gjekk frå arbeidet blei utført til det blei skrive ut rekning, meiner retten tilseier at det var snakk om krav som ikkje var fakturerbart – og difor måtte tapsførast.
Retten frifann begge legata for krava, mot at dei betalte 7636 kroner kvar for timar som ikkje var forelda. Det blei ikkje idømt sakskostnader.
Aurdal og Opdahl starta i 2020 advokatfirmaet Advocator i Ålesund saman, men rauk uklare etter kort tid. Opdahl sa opp selskapsavtalen hausten 2022. I ettertid braut også fleire advokatar ut og starta Tinde Advokatfirma.
Partane møttest i retten og då blei Opdahl frifunne for eit søksmål frå sin tidlegare arbeidsgivar, og denne blei dømt til å betale sakskostnader.
Publisert: 05.03.2025 10:17
Sist oppdatert: 05.03.2025 10:17