Allereie då bustyrar Bjørn Åge hamre første gong kommenterte den rettskraftige erstatningsdommen mot Tomislav Debeljak, trudde advokaten arbeidet med å få inn pengane kunne bli krevjande.
Det har han fått rett i så langt.
– Vi er spent på om det vil koste av seg. Vi kan ikkje halde på i årevis og bruker millionar på ting om er veldig usikre, seier Hamre til Nett No.
Det er straks eit halvår sidan Høgsterett avviste anken frå den tidlegare eigaren av Kleven-verftet.
Fleire gonger sidan då har bustyraren etter konkursane i dei tre Kleven-selskapa i 2021 kommentert kor mykje av erstatningssummen dei har fått frå den kroatiske forretningsmannen.
Til no har svaret vore det same: Ingenting.
– Snur dei steinane vi kan
Bustyraren er ikkje overraska over at ting tek tid. Han viser til at det mellom anna handlar om prosessane hos styresmaktene i Kroatia.
– Vi er godt i gang og snur dei steinane vi kan, utan at kostnadene eskalerer. Tida vil vise kor lenge det svarar seg å helde fram. Det vurderer vi fortløpande, seier han.
Bustyret har mellom anna hyra advokatar i heimlandet til Debeljak og vil undersøke eventuelle verdiar andre plassar i verda.
– Om vi held arbeidet gåande i lengre tid, er det fordi vi meiner det er noko konkret å gå etter, seier Hamre.
- Nett No har stilt Tomislav Debeljak fleire spørsmål, mellom anna om han har til hensikt å betale erstatninga han blei idømt i Gulating lagmannsrett, men ikkje fått svar.

Trøbbel med fleire kreditorar
Bustyraren fortel at undersøkingane så langt viser at det er fleire kreditorar som er ute etter verdiane til den tidlegare Kleven-eigaren.
I heimlandet er Tomislav Debeljak toppsjef og eigar i Div Group, som mellom anna Brodosplit-verftet i Split.
Fleire kroatiske medier har nyleg meldt at bystyret har trekt tilbake løyver til verftet fordi dei ikkje har gjort opp gjelda til dei lokale styresmaktene.
Forsvarsavtale er kansellert
Ifølgje den kroatiske avisa Jutarnji list har Debeljak-eigde BSO også nyleg sagt opp ei kontrakt for bygging av tre patruljebåtar til den kroatiske marinen.
Årsaka skal vere kostnadsauke. Styresmaktene har opplyst at Brodosplit-selskapet kravde betydeleg meir betalt enn venta.
Den siste utviklinga i Kroatia kom denne veka – då det blei kjent at BSO hadde meldt ein offiser til politiet i samband med kontrakten om patruljebåtane.
Ulike versjonar av økonomien
Då erstatningssøksmålet gjekk for Gulating lagmannsrett hevda Debeljak sine advokatar at han hadde få midlar, gjekk på minsteløn og var forsørgjar for sju barn.
Konkursbuet sin advokat fortalde ei anna side av økonomien til forretningsmannen.
Dei viste til at Div Group hadde levert eit konsernrekneskap for 2023 som viste netto verdiar for nær tre milliardar – som Debeljak eigde halvparten av.
Dommen frå lagmannsretten var eit sviande nederlag for den tidlegare verftseigaren. Om pengane kjem inn er det mogleg at fleire selskap på Nordvestlandet som tapte pengar i konkursane, får noko tilbake.
Publisert: 08.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 07.11.2025 18:45






