Tidsfrist for Volstad rundt 20 juli
UTSETT: Grand Canyon II og Grand Canyon III ved kai ved Myklebust Verft i 2015. Volstad Maritime leiger ut skipa til operatørselskapet Grand Canyon. Avtalen vart utsett i bytte mot at den vart forlenga, som eit tiltak for å gi begge partar pusterom etter oljeprisfallet som kom i 2014. 
Nytt

Tidsfrist for Volstad rundt 20. juli

Obligasjonslångivarane har varsla at Volstad Maritime-selskapet Volstad Subsea har misleghalde låneavtalen, trass i at Volstad Maritime har meldt at det er semje om ei refinansiering av selskapet.

10.07.2017
Volstad Subsea, eit dotterselskap av Volstad Maritime, skulle 5. juli betalt 497 millionar kroner til obligasjonslångivarane.
Det skjedde ikkje, men selskapet melde same dag av det hadde blitt einig med bankane om ei refinansiering av selskapet, som mellom anna innebar at obligasjonslångivarane ville får betalt attende heile lånet. Det som sto att var dei formelle vedtaka hos alle involverte partar, i følgje meldinga.

To dagar etter, 7. juli, sende Nordic Trustee likevel ut ei melding om at lånevilkåra er brotne og lånet misleghaldne.

To veker ekstra frist

Førebels vil ikkje obligasjonseigarane gjere noko meir ut over å ha sendt meldinga, i følgje Fredrik Lundberg i Nordic Trustee.
Nordic Trustee (tidlegare Norsk Tillitsmann) organiserer interesssene til obligasjonslångivarane, medan lågivarane sjølve i utgangspunktet er anonyme.
Obligasjonane i Volstad Subsea er omsettlege og børsnoterte verdipapir, og både i fjor og i år har det blitt handla store postar i lånet.

Etter det NETT NO erfarer er den reelle fristen Volstad Subsea har til å betale lånet først rundt 20. juli.

Nye pengar

Ut over at det er semje med bankane om ei løysing, og at obligasjonslångivarene vil få att alle pengane sine gav Volstad Maritime ingen fleire detaljar om kva refinansieringa skulle innebere.
Administrerande direktør Christoffer Syversen sende ut ei tekstmelding 5. juli om at selskapet ikkje hadde ytterlegare kommentarar før alle formalitetar er på plass.
NETT NO har grunn til å tru at refinansieringa også omfattar at det blir skote inne nye pengar i selskapet.

Publisert: 10.07.2017 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12