Tikkio inn i Danmark
NORSK I DANMARK: Tikkio skal til utlandet sa Tikkio-sjef Kjetil Aarseth i fjor. No er selskapet på plass i Danmark.
Nytt

Tikkio inn i Danmark

Bilettsal-selskapet Tikkio går inn i den danske marknaden.

15.12.2017
Tikkio har akkurat opna salet til sitt første arrrangement i Danmark, , etablerte eit danske datterselskap og tilsett ein landsjef som skal sikre Tikkio eit solid fotfeste i Danmark.
I tillegg til bilettsal kan arrangørane både marknadsføre seg og selje andre varer og tenester gjennom Tikkio sitt system.
Tikkio-sjef Kjetil Aarseth ser etableringa i Danmark som eit springbrett til å nå enda vidare. Korte avstandar gjer at det er lett å bearbeide marknaden både i Sør-Sverige og Nord-Tyskland frå Danmark.
- Dette er første gang ei selskap i Momentiumsystemet set sin fot utanfor Noregs grenser, seier Aarseth.

Nøkkelpersonar med

Det danske datterselskapet blir i utgangspunktet eigd 70 prosent av Tikkio. Resten av aksjane blir fordelt på landsjefen og andre nøkkelpersonar. Går det bra i Danmark og leiinga der når avtalte mål vil dei og kunne bli medeigarar i morselskapet.
Ante og Lars Holding er største eigar i Tikkio i dag, med 33,95 prosent av aksjane. Aarseth eig 5,11 prosent i selskapet.

100 millionar

Aarseth seier Tikkio i dag har 850 ulike arrangement i Noreg på kundelista.
Frå starten tok det fem og eit halvt år før selskapet hadde seld for 100 millionar kroner gjennom systemet sitt. Så langt i år er 100-millionersgrensa nettopp passert.
Selskapet er oppe i 165.000 brukarar.

Publisert: 15.12.2017 14:48

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:02