Tikkio vil utvikle gratisversjon
NYE TANKAR: Tikkio-sjef Kjetil Aarseth vil tenke nytt. Opnar for å tilby arrangørane gratis billettsal.
Nytt

Tikkio vil utvikle gratisversjon

Billett- og varesalsløysinga Tikkio vil utvikle gratistilbod og bli mykje større. Ser etter investor som kan bli med på utviklinga.

06.06.2018
Tikkio vil ta større marknadsandelar gjennom å gå mot ein forretningsmodell der arrangøren ikkje treng å betale dei noko for å la Tikkio stå for salet av billettar, varer og tenester.
I staden skal Tikkio tene pengar på sal av andre tenester og varer knytt til arrangementet.
Det sa dagleg leiar og medeigar Kjetil Aarseth då han presenterte Tikkio på "Founders lunch" hos ÅKP i dag.

Hotellrom og t-skjorter

Gratisløysinga - for arrangøren - er førebels berre på ide-stadiet, men Aarseth gir eit par eksempel på korleis Tikkio kan tene pengar utan at arrangørene må betale dei noko:
Finanstenester: Konsert- og festivaldeltakar kjøper billet på kreditt gjennom Tikkio, og Tikkio får eit gebyr for kjøpet når billetten blir betalt.
Formidle kundar: Om Tikkio står for billettsalet til til dømes eit stort arrangement i Oslo får andre tilgang til dei som kjøper billett, og kan tilby alt frå hotellrom, flybillettar og band-t-skjorter samla på ein stad.

10 prosent

No ser Tikkio etter ein investor, primært med kunnskap om å utvikle eit gratistilbod eller nye forretningsmodeller. Det er kunnskapen som er hovudpoenget med kapitalutvidinga, seier Aarseth.
Rette investor/investorgruppe får bli eigar av 10 prosent av selskapet mot å skyte inn tre millionar kroner.
Tikkio har allereie fått inn kapital og ein ny medeigar tidlegare i år, i følgje Aarseth. Han seier det er ein investor som er inne i arrangementsmarknaden og som vil tilføre Tikkio meir oppdrag, men vil førebels ikkje kommenter kor mykje kapital det er snakk om, kven den nye medeigaren er, eller kor stor andel investoren får i selskapet.

Sprang ut av festivalselskap

Tikkio vart utvikla av miljøet rundt Momentium på Giske, og som mellom anna arrangerer Sommarfesten på Giske, Jugendfest og Ålesund Live.
Største eigar er Momentium-gründerane Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård sitt selskap, Ante og Lars Holding.

Publisert: 06.06.2018 16:02

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:02