Odda
ODDA: Represententar frå Kystverket og Multiconsult i fjellhall 22 i Odda. Foto: Kystverket/Pål Are Lilleheim
Nytt

Til Odda for å lære om skipstunnelen

I Odda finst ein fjellhall på omlag same tverrsnitt som Stad skipstunnel. Dit reiste Kystverket og Multiconsult for å lære.

26.02.2022

- Dimensjonane er enorme, og det er eit imponerande stykke ingeniørkunst vi ser her.

Det seier Terje Skjeppestad, prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, i eit nyheitsbrev frå Kystverket.

Saman med representantar frå konsulentselskapet Multiconsult tok representantar for prosjektgruppa for Stad skipstunnel seg inn i ein av dei store fjellhallane til Boliden Odda, tidlegare Norzink.

Fekk inntrykk av dimensjonane
Fjellhall 22, som er under bygging, og skal verte 60 meter høg og 30 meter brei.

Stad skipstunnel vert på sin side 50 meter høg og 36 meter brei, ikkje så ulik Odda-hallen, som skal brukast til å lagre industriavfall.

Den store skilnaden er lengda. Medan Odda-hallen berre skal vere 250 meter lang, vert Stad skipstunnel 2,2 kilometer, der sjølve tunnelløpet vert 1700 meter.

Bakgrunnen for Odda-besøket var å få eit inntrykk av dimensjonane det er snakk om for Stad skipstunnel.

Erfaringar og utfordringar
Terje Skjeppestad viser til at Boliden Odda har lang erfaring med driving av tunnelar og fjellhallar.

- Difor er det nyttig for oss å høyre om kva erfaringar dei har gjort seg og kva utfordringar dei møter på, samt om kva løysingar dei har valt.

- I tillegg var det viktig for oss å kjenne på kva dimensjonar det faktisk er snakk om når vi planlegg skipstunnelen på Stad.

Odda 2
FJELLHALL: Kystverket sine representantar fekk eit inntrykk av dimensjonane som Stad skipstunnel vil få under besøket i fjellhallen i Odda. Foto: Kystverket/Ingve Hølland

Til Stortinget
Kystverket melder om stor møteaktivitet i høve planlegging og kvalitetssikring, samt møter opp mot Stad, Vanylven og Kinn kommunar.

I veke ti startar Multiconsult med supplerande grunnundersøkingar i Kjøde.

Arbeidet med støyberekningar for sjølve anleggsarbeidet med skipstunnelen byrjar i veke ni. Resultata blir nyttig å ta med seg vidare i det viktige planleggingsarbeidet for støyavgrensing og avbøtande tiltak for bebuarar i området.

I mars skal prosjektleiar Terje Skjeppestad presentere Stad skipstunnel-prosjektet for transportkomiteen i Stortinget. På same møte skal kystdirektør Einar Vik Arset presentere Kystverket som heile.

Stad skipstunnel er kalkulert å koste 3,4 milliardar kroner, og skal etter planen vere ferdig i 2026.

Publisert: 26.02.2022 06:00

Sist oppdatert: 26.02.2022 18:35

Mer om