Til topps med fisk fraa Leinebris
LONDON: Frå prisutdelinga i London torsdag kveld.
Nytt

Til topps med fisk frå Leinebris

Millers Fish & Chips har den beste fish & chips i England. Fisken er linefang av Leinebris.

25.01.2018
- Denne prisen heng svært høgt. Og det er ekstra gøy at Leinebris er eineleverandør av linefanga hyse til Millers.
Det seier Daniel Harbo Pineiro frå Fosnavåg-selskapet PHL Seagold, som er salsselskapet til Leinebris.
Harbo Pineiro er til stades under utdelinga av National Fish & Chips Awards i Royal Lancaster i London.

- Unik kvalitet

Den høgthengande prisen vert delt ut for 30. gong, og i år var det Millers Fish & Chips frå Haxby i York som stakk av med den gjevaste prisen.
- Millers brenn for den unike kvaliteten linefisken gir, på same måten som oss som står bak Leinebris-satsinga.
I England er fish & chips ein nasjonalrett, og stadig fleire produsentar har siste åra gått over til å bruke frosen fisk frå linebåtar.
Fleire norske linebåtar leverer fangst direkte til britiske produsentar.
Les meir frå prisutdelinga

Publisert: 25.01.2018 18:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17