Til topps med slamrensing
VINNAR: Per A. Lillebø (i midten) mottek prisen for årets eksportbedrift frå næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Til venstre juryleiar Jon G. Bernander.
Nytt

Til topps med slamrensing

Godøyværing Per A. Lillebøs bedrift Cambi er årets eksportbedrift.

22.11.2019
- Vi føler oss beæra. Vi er stolt over det vi har fått til, seier dagleg leiar og storaksjonær Per A. Lillebø i Cambi.
På Nordvestlandet er han truleg mest kjent som ein av investorane som gjekk inn på eigarsida i Kleven-konsernet.
Gjennom familieselskapet i Asker eig han og familien rundt sju prosent i det tidlegare Kleven-verftet Myklebust Verft, der sonen Per-Christian Kroepelien Lillebø er styreleiar.

Eksportsuksess

Men det er Cambi som er den store suksessen for den utflytta godøyværingen.
Lillebø har nettopp stått på scena under Eksportkonferansen 2019 og mottatt prisen som årets eksportbedrift frå næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
I fjor selde Cambi anlegg for rensing av kloakkslam for rundt 400 millionar kroner til kundar over heile verda. I 2017 (sist tilgjenglege rekneskap) var driftsinntektene 326 millionar kroner og eit resultat før skatt på 39 millionar.

Lang veg

Etter utdanning ved Norges Handelshøyskole byrja Lillebø i oljedivisjonen i Hydro før han starta, og etterkvart selde seg ut av, fleire handelsselskap i oljebransjen.
Cambi starta i 1992 som eit resultat av at Glommen Skogeierforening tok kontakt om ein teknologi foreninga ikkje hadde fått til å utnytte som planlagt. Men kanskje teknoloigien kunne brukast til slambehandlig? Og ville Lillebø prøve?
Det ville han, men det blei ei langt veg fram til dagens heider. Først i 2005 kom det første overskotet.

Kontroll

Cambi har rundt 100 aksjonærar, med Lillebø og familien som den klart største, med 86 prosent av aksjane.
Familien har også andre investeringar, mellom anna i Myklebust Verft.
- Vi er interessert i industri, og vi er interessert i industrien på Sunnmøre og ønskjer å bidra til at den skal utvikle seg, seier Lillebø.


Publisert: 22.11.2019 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34