Tilbakefører offshoretap
Sparebank1 SMN meir optimistisk til offshorereiarlaga.
Det er lysare tider og stigande optimisme hos offshorereiarlaga.
Det vises også hos Sparebank1 SMN, som i 1. kvartal 2023 tilbakefører 137 millionar kroner i tidlegare tapsavsetningar på lån til offshorreiarlag.
- Vi er veldig fornøgd med at vi har stått dette løpet, seier Jan Rune Hurlen om banken sin vilje til å halde fram som långivar til offshorereiarlag-kundane sine. Hurlen er regionbanksjef med ansvar for næringsliv på Sunnmøre i Sparebank1 SMN.
Tilbakeføringa er knytt til lån til fleire offshorereiarlag, ifølgje Hurlen.
Banken har auka samla utlån med sju prosent og innskot med med 8,3 prosent dei siste 12 månedane.
På Sunnmøre er utlånsvekst for i bedriftsmarknaden 10 prosent og 19 prosent i privatkundemarknaden.
Sparebank1 SMN | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Inntekter | 1604 | 1456 |
Resultat før tap | 875 | 827 |
Resultat før skatt | 946 | 827 |
Publisert: 11.05.2023 15:16
Sist oppdatert: 11.05.2023 18:18