Havila Kystruten Per Sævik Bernt Maritini Foto Kjetil Haanes lysere
I BOKS: Den retta emisjonen i Havila Kystruten vart fullteikna i natt. Sævikfamilien går inn med omlag 468 millionar. På biletet er Per Sævik og Havila Kystruten-sjef Bent Martini,
Nytt

Havila Kystruten-aksjen stuper

Småaksjonærane får også tilbod om å gå inn med meir pengar. Aksjekursen ned over 74 prosent.

20.06.2023

Handelen med Havila Kyrstruten-aksjar vart sett på pause i dag tidleg, for å gi aksjemarknaden tid til å vurdere informasjonen om ein emisjon til kurs 1,10 kroner, som selskapet sende ut etter børsdagen var slutt i går.

No er handelen opna igjen, og klokka 10:12 er kursen 1,27 kroner aksjen, ned 74,90 prosent sidan sluttkurs i går, som var 5,06 kroner aksjen.

Artikkelen blir oppdatert

HAVILA KYSTRUTEN quote chart 1
NED: Kursutvikling i Havila Kystruten frå i gå til i dag. Grafikk: Oslo Børs

Retta emisjon
Kapitalutviding på omlag 760 millionar kroner som Havila Kystruten varsla etter at børsen hadde stengt i går er ein såkalla retta emisjon, der berre ei utvald gruppe større investorar får bli med.

Den største deltakarane i den retta emisjonen er Sævikfamiliens investeringsselskap, Havila Holding, som går inn med 40 millionar Euro, cirka 468 millionar kroner.

Den retta emisjonen var fullteikna rett etter midnatt, natt til i dag.

Les børsmelding her

Tilleggsemisjon
I dag varslar Havila Kystruten at selskapet tilbyr dei øvrige aksjonærane å vere med i ein tilleggsemisjon. I alt inntil 60 millionar nye aksjar skal utstedast, til 1,10 kroner aksjen. Det er same kurs som i den retta emisjonen.

Dersom aksjekursen fell under 1,10 kan tilleggsemisjonen avlysast.

Les børsmelding om tilleggsemisjonen her

Publisert: 20.06.2023 09:06

Sist oppdatert: 20.06.2023 10:18

Mer om