Tilpassar hurtigbaat til pendlarar og lokale
FØRSTE TUR: Gleda var stor i Fosnavåg då hurtigbåtruta la til første gong. Framover går ruta indre leia via Hareid og Eiksund. 
Nytt

Tilpassar hurtigbåt til pendlarar og lokale

Ålesund-Stad-ruta har så langt vore eit tapsprosjekt, men Cruise Service er glad for erfaringane. No er dei i gong med ny vinterrute.

Marius Rosbach
05.10.2020
Sidan det ikkje kom utanlandske cruiseturistar på besøk til Nordvestlandet, fann Cruise Service-selskapet i sommar ut at dei skulle teste ei alternativ drift.
Resultatet vart ei hurtigbåtrute mellom Ålesund og Stad. Under eit møte i Fosnavåg i førre veke kom det fram at Cruise Service har tapt kring en halv million kroner på drifta.
Operasjonssjef Kåre Molvær i selskapet er likevel glad for at dei realiserte planane og fortel at dei har hausta mange gode erfaringar, går det fram av ei pressemelding frå Havlandet etter møtet.

271 passasjar første månad

Hurtigbåtruta starta i midten av august og gjekk ytre lei via Fosnavåg fram til 30. september. Selskapet var spent på mottakinga, ikkje minst frå turistar, på denne ruta. Ein oversikt over at dei har hatt 271 passasjerar den første månaden.
Dei kring 20 deltakarene på møtet i Fosnavåg, var samde om at tilbodet var svært viktig for å knytte regionen tettare saman. I forsamlinga var mellom anna ordførarar, kommunedirektørar og representantar frå næringslivet.

To avgangar tre dagar i veka

Framover vil hurtigbåten segle i «vinterrute» i indre lei via Hareid og Eiksund. Avgangane blir også lagt til å passe betre for pendlarar, næringsliv og lokale brukarar, etter innspel som har kome inn.
No går båten måndag, onsdag og fredag – med to avgangar dagleg.
Første avgang frå Ålesund går allereie klokka 04.30 for å korrespondere med hurtigbåt frå Bergen, som kjem til Selje. Returen går 06.30 og er framme i Ålesund knappe to timar seinare.
Neste avgang frå Ålesund er 16.10, med retur frå Otnheimneset på Stad klokka 18 og ankomst i Ålesund klokka 19.45 om kvelden.

Publisert: 05.10.2020 14:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03