Tilraar hybridloeysing paa ekspressbaatrute
NULL UTSLEPP?: Då Nordland Fylkeskommune bestilte nye båtar frå Brødrene Aa i 2017 for å blant anna erstatte Steigtind (biletet) var det fossilt drivstoff som skulle vere drivstoffet. Når Vestland kal legge ut hurtigbåtruten i og til Sogn og Fjordane er det usemje om kor mange nullutsleppsbåtar på handlelista. Dei åtte båtane skal vere i bruk seinast i 2024. 
Nytt

Tilrår hybridløysing på ekspressbåtrute

Skal erstatte dagens dieseldrivne hurtigbåtar frå 2024.

24.09.2020
NPK/NETT NO: Dei dieseldrivne ekspressbåtane mellom Bergen og Sogn og Fjordane bør skiftast ut med hybridbåtar innan utgangen av 2024. Samtidig bør det leggjast til rette for ein nullutsleppspilot, meiner samferdselsutvalet i Vestland fylke.
Det blei vedteke då hovudutvalet for samferdsle og mobilitet i Vestland onsdag drøfta status og vegen vidare for hurtigbåtane mellom Bergen, Nordfjord og Flåm/Sogn.

Eit krav om utsleppsfrie hurtigbåtruter kan opne opp for hydrogendrivne hurtigbåter på desse rutene, men fylkesrådmannen har tilrådd at kravet blir utsett fordi teknologi og infrastruktur for hydrogendrift ikkje er nok utvikla.

Må skifte i 2024

Den noverande kontrakten Norled har for drifta av dette hurtigbåtsambandet, går ut om to år. Politikarane i Vestland vedtok i desember i fjor at det bør stillast krav om nullutslepp i dei nye kontraktane, men fylkesrådmannen har seinare rådd til at ein bør utsetja eit slikt krav til 2028.
Saka har vekt stor debatt. Leiaren i hovudutvalet for samferdsle og mobilitet i Vestland, Jannicke Bergersen Clarke (Ap), seier til Nynorsk pressekontor at utvalet no har gjort eit overordna vedtak om kva slags modell ein ønskjer å gå for, men at ein ikkje har teke stilling til hybridgraden, som seier noko om kor mykje utslepp ein får og ikkje får.
Utvalet ber om at ambisjonane for dette blir lagt fram i ei ny sak i november. På same møtet rår utvalet til at ein ser nærmare på detaljane rundt anbod og ein nullutsleppspilot.
Saka skal no vidare til fylkesutvalet 29. september.

Publisert: 24.09.2020 08:42

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:59