Tilsette tek over Kleven selskap
KLEVEN: KMT har hatt fleire oppdrag for Hurtigruten, her ekspedisjonscruiseskipet Roald Amundsen.
Nytt

Tilsette tek over Kleven-selskap

Har mål om å utvide nedslagsfeltet og auke bemanninga.

15.07.2020
Kleven vert delt meir opp.
Etter semje med bustyret og Kleven Verft sine finansieringsinstitusjonar inngjekk tilsette i Kleven Maritime Technology (KMT) måndag avtale om å overta dette datterselskapet frå konkursbuet.

Alle aktiva i selskapet er løyste ut, og KMT vil drive vidare utan avbrot mot same marknad og med alle driftsmidlar og dokumentarkiv intakt, vert det opplyst i ei pressemelding.
- Selskapet vil halde fram med dei same dyktige tilsette og i den same marknaden som før.
- Målsettinga til KMT er å auke nedslagsfeltet til bedrifta, og etter kvart auke bemanninga, seier dagleg leiar i KMT, Trond Liavaag.

God inntening

Det vert vist til at KMT er eit veldrive selskap med god inntening og gode driftsresultat. Selskapet både har, og har hatt ei stor ekstern kundemasse i tillegg til Kleven Verft.
I 2018 hadde KMT ei omsetning på 7,2 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 1,7 millionar.
I pressemeldinga vert det vist til at årsaka til at selskapet vart slege konkurs 03. juni ikkje har samanheng med drifta av selskapet, men har si årsak i at selskapet KMT inngjekk som del av pantesikkerheit til bankfinansieringa av Kleven Verft.

Hurtigruten-oppdrag

Selskapet leverer engineeringtenester innanfor marin elektro- og automasjon. Mellom anna har KMT hatt fleire oppdrag for Hurtigruten i høve ombyggingsprosjekta deira – vidare også ein stor jobb på ein superyacht for den tyske verftsgruppa Lürssen.
KMT held til i Ulsteinvik, og har per i dag seks tilsette.

Publisert: 15.07.2020 10:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59