Forretningsområdet skipsbygging i Fincantieri-konsernet fekk i fjor over tre gangar større skipsbyggingskontraktar enn i 2023, ifølgje kvartalrapproten per 4. kvartal til Fincantieri.
Det italienske skipsbyggingsselskapet Fincantieri eigd Vard, som driv tre skipsverft på Nordvestlandet.
Per i dag er det Fincantieri-verfta som utgjer forretningsområdet skipsbygging i konsernet. Det er kontraktar på store cruisesskip og miliitære fartøy som gjorde ordreboka tjukkare i løpet av 2024, i følge kvartalsrapporten per 4. kvartal.
Forretningsområdet offshore og spesialskip er ei reindyrka Vard-verksemd. Det omfattar alt frå fiskebåtar og marinefartøy, til offshorefartøy og vindkraftindustrien.
Ein svært stor ordreinngang i 2023 og inn i 2024 skapte grunnlaget for at ordreboka også til forretningsområdet offshore og spesialskip er tjukkare ved utgangen av 2024 enn ved utgangen av 2023, sjølv om ordreinngangen vart redusert i fjor (sjå tabell).
Fincantieri-konsernet | ||
Pr. 4. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 8128 | 7651 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 509 | 397 |
Resultat etter skatt | 27 | -53 |
Forretningsområde skipsbygging | ||
Per 4. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 5990 | 6129 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda | 396 | 367 |
Ordreinngang | 13194 | 4148 |
Ordrereserve | 26497 | 18908 |
Forretningsområde offshore og spesialskip* | ||
Per 4. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1371 | 1070 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 67 | 52 |
Ordreinngang | 1555 | 1801 |
Ordrereserve | 2192 | 1866 |
* Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet. |
Publisert: 24.03.2025 16:33
Sist oppdatert: 12.05.2025 13:55