Kidnappinga skjedde tysdag utanfor kysten av Nigeria, opplyser Bourbon Offshore i ei pressemelding onsdag kveld.
Dei to er frå Nigeria og Russland. Resten av mannskapet på ti er trygt om bord, opplyser selskapet.
Fleirbruksskipet ligg no i hamn i byen Onne i Nigeria.
Bourbon Liberty 251 høyrer til Bourbon i Marseilles, og er ikkje ein del av Bourbon Offshore Norway, men det er fleire norske skip som har operert i området.
Selskapet opplyser at ein vil gi ny informasjon så fort ein har det.
Utanfor kysten av Nigeria ligg også Havyard-bygde African Inspiration til det nigerianske selskapet Marine Platforms.
- Ja, utviklinga er positiv, både når det gjeld sikkerheit og kampen mot korrupsjon. Det er slett ikkje så ille i Nigeria som mange trur, sa Adegbite då.
Nigeria-kjennar og tidlegare redaktør i Verdensmagasinet X, Maren Sæbø, sa seg samd i at det kunne vere spennande for norske selskap å investere i Nigeria, men ho kom også med åtvaringar.
- Det er er framleis ein del risiko med å investere i Nigeria, både i form av korrupsjon og sikkerheit. Kysten utenfor Nigeriadeltaet er piratfarvatn, og ikkje uproblematisk å operere i.
Saka vert oppdatert.
Dei to er frå Nigeria og Russland. Resten av mannskapet på ti er trygt om bord, opplyser selskapet.
Fleirbruksskipet ligg no i hamn i byen Onne i Nigeria.
Bourbon Liberty 251 høyrer til Bourbon i Marseilles, og er ikkje ein del av Bourbon Offshore Norway, men det er fleire norske skip som har operert i området.
Kriseteam
Bourbon Offshore opplyser at det er oppretta eit kriseteam, og at selskapet no er i kontakt med familiane til sjøfolka for å støtte dei.Selskapet opplyser at ein vil gi ny informasjon så fort ein har det.
Utanfor kysten av Nigeria ligg også Havyard-bygde African Inspiration til det nigerianske selskapet Marine Platforms.
Piratfarvatn
Under dåpen i november 2014 sa direktør Taofik Adegbite at no var tida inne til å satse i Nigeria.- Ja, utviklinga er positiv, både når det gjeld sikkerheit og kampen mot korrupsjon. Det er slett ikkje så ille i Nigeria som mange trur, sa Adegbite då.
Nigeria-kjennar og tidlegare redaktør i Verdensmagasinet X, Maren Sæbø, sa seg samd i at det kunne vere spennande for norske selskap å investere i Nigeria, men ho kom også med åtvaringar.
- Det er er framleis ein del risiko med å investere i Nigeria, både i form av korrupsjon og sikkerheit. Kysten utenfor Nigeriadeltaet er piratfarvatn, og ikkje uproblematisk å operere i.
Saka vert oppdatert.
Publisert: 25.02.2016 09:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53






