To cruisekontrakter til Vard
AVTALE: Frå venstre, Ghislain Lemarié, Vice President New Ship Design & Ship Construction (Viking), Torstein Hagen, styreleiar (Viking), Magne Håberg, EVP Sales and Marketing (VARD), og Rune Rødset, Senior Vice President (VARD). 
Nytt

To cruisekontrakter til Vard

Har intensjonsavtale med cruisereiarlaget Viking om skip for 4,5 milliardar kroner. Kan bli dobbel så stor.

24.07.2018
Skipa skal utrustast hos eitt av verfta til Vard i Noreg. Det første skal leverast i andre kvartal 2021, det andre i andre kvartal 2022. Skroga blir bygd i Romania.
Målet for Vard og Viking er å gjere intensjonsavtalen om til ein bindande avtale i sommar.
Avtalen omfattar også ein opsjon for reiarlaget til å bygge ytterlegare to skip.

Eige design

Dei to skipa er utvikla og teikna av Vard Design i samarbeid med reiarlaget. Storleiken på skipa er ikkje opplyst, heller ikkje kva del av cruisemarknaden dei skal byggast for.
Det italienske verftskonsernet Fincantieri, som er største aksjonær i Vard, har hatt Viking som kunde sidan 2012. Så langt har Fincantieri levert fire cruiseskip til Viking og har seks i ordre. I tillegg inngjekk selskapa mars i år avtale om ytterlegare seks skip. Det siste skipet i den serien skal leverast i 2027.

Tettare samarbeid

Etter at marknaden for bygging av offshorskip tørka inn starta Fincantieri og Vard eit tettare samarbeid, samstundes som Fincantieri prøver å få full kontroll i Vard og gjere Vard til eit datterselskap. I dag eig Fincantieri knapp 82 prosent av aksjane i Vard.
Samarbeidet omfattar mellom anna cruisemarknaden, der Vard byggjer mindre cruisefarty og Fincantieri dei store.

Publisert: 24.07.2018 07:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20