To milliardar blei til tre
VALUTAENDRING: Valutakursutvikling har betra konkurranseevna, men få kontraktar gjer at verfta har fått lite glede av forbetringa så langt, i følgje sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. I kroner er "Nordmand Maximus"-kontrakten blitt nesten ein milliard kroner større sidan den blei inngått i fjor.
Nytt

To milliardar blei til tre

Hadde Vard ikkje sikra seg mot valutasvingingar kunne selskapet håva inn nesten ein milliard kroner ekstra på kjempeskipet Nordmand Maximus. 

15.12.2015
- Vi pleier å sikre oss, seier Holger Dilling, executive vice president for investor relations & business i Vard.
Kontrakten er inngått i dollar, og tilsvarte om lag to milliardar kroner då den blei underskriven våren 2014.

Svakare krone

Medan vekslingskursen våren 2014 låg rundt seks kroner for ein dollar, er den no 8,65 kroner. I kroner utgjer "Nordmand Maximus"-kontrakten no rundt tre milliardar kroner.
Korkje Dilling i Vard eller administrerande direktør Lars Peder Solstad i Solstad Offshore vil kommentere prislappen på Nordmand Maximus, som søndag vart slept på plass for utrustning hos Vard Brattvåg.
Men begge peikar på at dei store kursendringane etter at kontrakten vart inngått får små utslag for dei.

Oppdrag i dollar

Nordmand Maximus skal ut i eit åtte år langt oppdrag for italienske Saipem.
- Det er i dollar, seier Solstad om avtalen. Sidan både kostnadar og inntekter for skipet er i dollar spelar valutakursutviklinga mindre rolle.
Valutasikringane har same effekt hos Vard. Selskapet sikrar seg mot sure tap, men får heller ikkje store gevinstar når valutane svingar i ei gunstig retning.

Får ikkje ut gevinsten

For kontrakter norske verft skal inngå framover kan imidlertid valutautviklinga få store positive konsekvensar - dersom der var oppdrag å kjempe om. Det er det diverre lite av, i følgje administerande direktør Birger Skår i sals- og markedsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
-Det er heilt klart at norske verft er blitt meir konkurransedyktige. Det er trist at offshoremarknaden har vore så laber, slik at verfta ikkje har fått det løftet dei ville fått i ein normal marknad, seier Skår om verknaden av valutakursutviklinga.
Det er spesielt innan offshore der er moglege kundar som opererer i dollar, og som dermed kunne nyte godt av den svake krona ved byggje hos norske verft, i følgje Skår.


Det er trist at offshoremarknaden har vore så laber, slik at verfta ikkje har fått det løftet dei ville fått i ein normal marknad

Publisert: 15.12.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51