To skada om bord i Granit IV
ULUKKE: To av mannskapet på 35 vart skada om bord i fabrikktrålaren "Granit IV", men båten er no i fiske nord for Finnmark.
Nytt

To skada om bord i "Granit IV"

To av mannskapet på fabrikktrålaren "Granit IV" vart sendt til Nordlandssjukehuset i Bodø med helikopter etter ei arbeidsulukke om bord tysdag.

09.01.2014
Skipper Bjørn Moldskred seier at ulukka skjedde i samband med reingjeringsarbeid om bord.
- Dei fekk syre i augene, og vi tok ingen sjans. Difor fekk vi dei til sjukehus.

Kaustisk soda

Hovedredningssentralen fekk melding om ulukka tysdag klokka 19.00.
- Meldinga gjekk ut at to av mannskapet hadde fått kaustisk soda i augene, og vi sende derfor eit Sea King-helikopter frå Bodø ut til båten, seier redningsleiar Frode Iversen ved Hovedredningssentralen.
I følgje portalen Helsenorge kan kaustisk soda gje alvorlege etseskader. Les meir .
Då ulukka skjedde var "Granit IV" då 70 nautiske mil utanfor Sandnessjøen på veg nordover.
- Båten gjekk inn mot land, medan helikoperet flaug utover. Klokka 20.45 var helikopteret framme, og klokka 21.53 landa det ved Nordlandssjukehuset i Bodø.
Dei to skada er begge frå Sunnmøre.

Godt fiske

"Granit IV" gjekk vidare til fiskefelta utanfor kysten av Finnmark etter ulukka. Skipper Moldskred seier at dei raskt traff på litt torsk.
- Vi har akkurat kome i gang med fisket, men starten ser i alle fall bra ut. Vi har starta fabrikken om bord, og håpar at fiskeriet vil vare.

Vartdal

Om bord er det eit mannskap på 35, der mange er frå Sunnmøre.
Fabrikktrålaren "Granit IV" var opphaveleg tilhøyrande på Vartdal, men vart i 2012 seld til Halstensen Holding på Austevoll.
Fartyet vart seld med alle fiskerettar, og satsinga med ombordproduksjon av sjøfrosne filetar heldt fram. Brødrene Sperre på Ellingsøya har stått for salet av alle produktvariantar som blir produsert om bord på Granit IV under det innarbeidde namnet Granit Brand.
Dei fekk syre i augene, og vi tok ingen sjans

Publisert: 09.01.2014 14:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30