Stordalen skiing eastern2010 1 foto wikimedia commons
NOK SNØ: I påska 2010 var det rikeleg med snø i Stordal. I år sikra eit snøfall i siste liten av heile anlegget kunne opnast, ikkje berre ein del av det. Foto: Wikimedia Commons.
Nytt

To tøffe sesongar i Stordal

Både driftselskapet og eigedomsselskapet måtte fylle på kassa.

21.04.2026

Ikkje sidan 2014 har Arena Overøye, som driv skianlegget på Overøye i Stordal, hatt lågare inntekt enn i fjor. 

To år på rad med underskot tæra vekk den bokførte eigenkapitalen. Ved årskiftet var den på minus 652.142 kroner. 

Gjekk inn med meir pengar
I mars i år gjekk eigarane inn med ein halv million kroner i ny eigenkapital. Samstundes blir det arbeidd med å få på plass nye lån og det samtalar med kreditortane, går det fra av årsmeldinga for 2025.

– Vi er ajour, seier dagleg leiar Rune Støversten i Arena Overøye til Nett No om status per i dag.

Anlegget avslutta sesongen då påska var over.

Tøffe sesongar
Støversten legg ikkje skjul på at med to tøffe sesongar på rad med dårlege snøtilhøve, vil ein snørik 2026/2027-sesong vere ekstra kjærkome. 

De siste sesongane har skisenteret hatt inntekter på 65-70 prosent av gjennomsnittet (sjå tabell under).

At dårlege snøvintrar har falle saman med kostnadsauke, mellom anna på diesel til trakkemaskiner, har gjort inntektsnedgangen ekstra utfordrande.

Arena Overøye følgjer kalenderåret i rapporteringa si. 2025-tala fortel dermed resultatet for hovudsesongen i starten av 2025, og frå byrjinga av neste vintersesong hausten 2025. 

Selskapet er eig av Pedro Eiendom, Busengdal Eiendom, Westre Invest, Sand Kapital og Stordal Idrottslag.

Henta tre millionar
Det er selskapet Stordal Alpinsenter som eig bygg og skitrekk-anlegget på Overøye, og leiger det ut til driftselskapet Arena Overøye.

Stordal Alpinsenter dekkjer også straumkostnadane til snøproduksjon og vedlikehaldskostnadane på anlegget. Det har blitt dyrare, i tillegg til auka rentekostnadar, går det fram av 2024-rekneskapen (2025-tala er ikkje offentlege enno, journ. anm.).

Samstundes har ikkje driftsselskapet hatt økonomi til å betale meir i leige.

Også Stordal Alpinsenter har nyleg gjennomført ei kapitalutviding for å styrkje økonomien.

Den var på tre millionar kroner og var på plass i desember i fjor, ifølgje styreleiar og dagleg leiar Runar Nordby Johnsen. To millionar kom frå Fjord kommune og ein million frå Stordal Idrottslag - etter at fleire bidragsytarar støtte idrettslaget med midlar til å vere med på kapitalutvidinga. 

Arena Overøye as  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt

1,9

3,0

Driftsresultat

-0,5

-0,2

Resultat før skatt

-0,6

-0,3

   
Stordal Alpinsenter as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt1,61,5
Driftsresultat-0,10,04
Resultat før skatt-0,6-0,5

Publisert: 21.04.2026 12:05

Sist oppdatert: 21.04.2026 12:05

Mer om