To verft med rekord inntekter
FLUST MED OPPDRAG: Hallvard Aas i Aas. Mek. Verksted leverte tre brønnbåtar og ei større ommbygging i fjor. I år blir tre nybygg levert og verftet har arbeid til ut i 2022. Innfelt Kristian (t.v.) og Stian Drønnen ved Vegsund Slip, som har auka inntektene i fire år på rad. 
Nytt

To verft med rekord-inntekter

Både Aas Mek. Verksted og Vegsund Slip smadra tidlegare inntektsrekordar i fjor. Og dei går med overskot.

23.09.2020

Både for Aas Mek. Verksted i Vestnes og Vegsund Slip i Sula er det brønnbåtbransjen som er ei viktig forklaring på veksten.

«Vegsund Slip har fått et veldig godt fotfeste hos de største rederiene i denne bransjen og en betydelig del av vår omsetning kommer nå herfra», skriv Vegsund Slip i årsmeldinga for 2019.

Vegsund Slip er eit reparasjon- og ombyggingsverft. Før var ferje- og fiskebåtreiarlag viktigaste kunder, men no er altså også brønnbåtreisarlaga blitt det.

Sidan 2015 har selskapet hatt vekst kvart år, og både i 2018 og 2019 auka selskapet også lønsemda (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).


Sju båtar i arbeid

Aas Mek. Verksted i Vestnes har spesialisert seg på å bygge brønnbåtar, og har mellom anna bygd fleire for Sølvtrans. Nett no har verftet sju båtar under bygging eller plkanlegging og arbeid til godt inn i 2022.

I fjor leverte verftet tre nye brønnbåtar og gjorde ferdig eit større ombyggingsoppdrag. I tillegg til 34 mindre ombygging- og reparasjonsoppdrag gjorde det at driftsinntektene meir enn dobla seg, til rekordhøge 921 millionar kroner. Også lønsemda steig (sjå tabell).

I år skal Aas Mek. Verksted levere tilsaman tre brønnbåtar.


Tynnare ordrebøker

Medan Vegsund Slip har arbeid og overskot, er status for skipsbyggingsbransjen generelt ikkje like lys.

Så langt i år har norske verft inngått kontraktar for 2,9 milliardar kroner. Det er langt frå nok til å hindre at ordrebøkene krympar. Med unntak av to fiskebåt-kontraktar til Vard har ingen av dei store verfta - Ulstein Verft, Kleven og Havyard - fått nye nybyggingsoppdrag i år.


Publisert: 23.09.2020 16:51

Sist oppdatert: 05.04.2021 17:17