Tog kontrakt for Hexagon Purus
KLART I 2023: Den spanske togprodusenten Talgo skal har klart sitt hydrogendrivne tog i 2023.
Nytt

Tog-kontrakt for Hexagon Purus

Hexagon Pursus skal levere drivstofftankar til den spanske togprodusenten Talgo sitt første hydrogen-drivne tog.

28.01.2021
Tankane frå Hexagon Purus skal leverast i andre halvår 2021.
Det hydrogendrivne toget er eit pilotprosjekt der Talgo skal prøve ut hydrogen som drivstoff for tog. Testinga skal skje i Spania.

Vekstmarknad

I følgje Hexagon Purus er det over 10.000 dieseldrivne tog i Europa som må skiftast ut dei komande 15 åra. Det er ein marknad selskapet vil ha ein stor bit av.
Kontrakten med Talgo er den tredje jernbanekontrakten Hexagon Purus har inngått.

Skilt ut

Hexagon Purus omfattar hydrogenverksemda til Hexagon Composites og vart skilt ut og børsnotert som eige selskap i fjor haust. Medan Hexagon Composites lagar drivstofftankar og -system for naturgass lagar Hexagon Purus tilsvarande for hydrogen.
Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus etter børsnotering.
Hexagon Purus blei verdsett til 40 kroner aksjen første dag på børsen, 14. desember 2020. Førebels toppnotering kom 8. januar, med 82,10 kroner per aksje. I dag, torsdag 28. januar er kursen 58 kroner aksjen, som verdset Hexagon Purus til 13,2 milliardar kroner.

Publisert: 28.01.2021 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13