Tok inn fallet etter oljenedturen
OPPTUR: Meir fart i næringslivet og innpass i turistmarknaden løfta inntekt og lønsemd for Hotel Ulstein i fjor.
Nytt

Tok inn fallet etter oljenedturen

Hotel Ulstein har nesten tatt inn att heile inntektsfallet etter oljenedturen.

27.07.2018
Driftsinntektene til hotellet i Ulsteinvik fall over 17 prosent frå toppåret 2014 til 2016. 7,2 millionar kroner i inntekter blei borte etter at offshorereiarane slutta å bestille nye båtar.
Seint i 2016 såg hotelldirektør Erik Lystad teikn til ny opptur og 2017-tala til selskapet viser at den oppturen held seg i 2017.

Driftsinntektene i 2017 er dei nest høgaste hotellet har hatt. Resultatet før skatt i 2017 tilsvarar fire prosent av driftsinntektene. Den er neste likt med 2014 og det tredje mest lønsame året selskapet har hatt.

Meir turisme

Hotel Ulstein har vore eit utprega forretningshotell der opp- og nedturar følgjer utviklinga i næringslivet.
Men siste åra har hotellet også satsa på turistmarknaden, mellom anna gjennom eit eige aktivitetsselskap. Hotellet har og fått drahjelp av fulle hotell i Ålesund i turistsesongen.

Både forretningsmarknaden og turistmarknaden medverka til oppturen i fjor.
"Omstilling i lokalt næringsliv og flere tilreisende førte til større etterspørsel og økt omsetning i 2017", skriv selskapet i årsmeldinga for 2017.
Hotellet er Ulsteinvik er ein del av Choice-kjeden.

Labert første halvår

Første halvår i år blei meir labert enn i fjor. Første halvår var prega av mindre aktivitet på verfta og Rolls-Royce, men signala for hausten gjer at hotellet ventar å ende med driftsinntekter og lønsemd opp mot 2017-nivået, i følgje Lystad.
Årets turistsesong er omtrent som i fjor, men hotellet har hatt vekst på kurs- og konferansemarknaden, seier han.

Nedtur etter asyl-stopp

I nabokommune Hareid fekk Melshorn Hotell ein nedgang i driftsinntektene frå 8,6 til 2,2 millionar kroner i fjor.
Før offshorenedturen hadde hotellet på Hareid kontrakter til utleige av overnattingskapasitet til mellom andre verfta, og også cateringoppdrag for bedriftene.
I 2015 byrja det å butte i mot. Takka vere langsiktig kontrakter fekk ho eit godt resultat i 2015 (sjå tabell), men i desember i 2015avvikla blei Melshorn Hotel om til akuttmottak for flyktningar. Den kontrakten gjekk ut våren 2016 og hotellet blei opna på ny, som eit bed & breakfast-hotell.
Thon Hotel Fosnavåg er ein del av Thon Hotels-kjeden. Selskapet offentleggjer ikkje reknskap for hotellet i Fosnavåg.

Publisert: 27.07.2018 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24