Tok ti millionar i hotelltap
KOSTA: Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre måtte ta eit tap på ti millioner då banken selde unna hotellet i Ørsta i sommar.
Nytt

Tok ti millionar i hotelltap

Sparebank 1 Søre Sunnmøre bokførte eit tap på 10 millionar kroner då Per Sævik kjøpte Hotell Ivar Aasen i sommar.

15.11.2017
Familieeigde Havila Holding tok i sommar over Hotell Ivar Aasen frå Sparebank1 Søre Sunnmøre. Kjøpesummen var symbolsk - ei krone - men banken tok samstundes over gjelda i selskapet, med rabatt.
Summen av nedskriving av verdien på aksjane og reduksjon i gjelda gav banken eit tap på hotellengasjementet på ti millionar kroner i følgje administerande direktør Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Saman med tap frå offshoreutlån er avviklinga av hotellengasjementet grunnen til at banken auka tap og tapsavsetningar frå 18,2 millionar kroner pr. tredje kvartal 2016 til 22,4 millionar kroner ved utgangen av tredje kvartal 2017.

Ser slutten på eigedomsengasjement

Banken har eigd fleire større eigedomar i fleire år, eigedomar den har blitt sittande med etter å ha tatt over frå tidlegare kundar som ikkje kunne innfri lånevilkåra.
Etter at Stig Brautaset tok over som administrerande direktør er det blitt fart ut arbeidet med å selje unna.
Det einaste større engasjement som er att er eit større forretningsbygg i Ørsta, der den sjølv er blant leigetakarane. Dessutan er den eigar av eit hytteprosjekt på Standalseidet i Ørsta og største långivar til Bondalseidet Hytteutvikling. Bondalseidet Hytteutvikling er eit dotterselskap til konkursråka Inge Kolås as. Der er bubehandlinga i startfasen og det er førebels ikkje avklart kva som skjer med dotterselskapet.

Publisert: 15.11.2017 18:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16