Nytt
Tommel opp for Arctic Nutrition
Dei første testane av silderognprodukt som legemiddel mot psoriasis er lovande for Arctic Nutrition.
19.11.2019
- Det virkar svært lovande og spennande, seier Kåre Steinar Tveit, seksjonsoverlege ved Hudavdelingen Haukeland Universitetssykehus i Bergen, etter å ha testa effekten av Arctic Nutrition sitt sildeprodukt på psoriasis-pasientar.
Dei første resultata frå testen er offentleggjort på ein pressekonferanse i Bergen i dag.
Dei som fekk silderognprodukt hadde ein gjennomsnittleg reduksjon i psoriasissymptom på 32 prosent. Dei som ikkje silderognprodukt - placebogruppa - hadde ein reduksjon på åtte prosent, i følgje pressemeldinga.
Det er ein skilnad som er statistisk signifikant, altså viser at silderognproduktet har ein effekt.
Håper er å ha godkjenning klar i 2021/2022 og selskapet vurderer å etablere produksjon på Nordvestlandet.
Før selskapet kjem dit må studien i Bergen fullførast. Den skal vere klar til sommaren. Deretter må studien gjerast på nytt, i større skala.
Dei første resultata frå testen er offentleggjort på ein pressekonferanse i Bergen i dag.
Klare utslag
57 pasientar har gjennomført testen, 28 fekk silderognprodukt og 29 fekk eit middel utan silderogn. Ingen av testpersonane visste kven som fekk kva.Dei som fekk silderognprodukt hadde ein gjennomsnittleg reduksjon i psoriasissymptom på 32 prosent. Dei som ikkje silderognprodukt - placebogruppa - hadde ein reduksjon på åtte prosent, i følgje pressemeldinga.
Det er ein skilnad som er statistisk signifikant, altså viser at silderognproduktet har ein effekt.
Siktar mot legemiddel-godkjenning
Målet for Arctic Nutrition er å få silderognproduktet godkjent som legemiddel.Håper er å ha godkjenning klar i 2021/2022 og selskapet vurderer å etablere produksjon på Nordvestlandet.
Før selskapet kjem dit må studien i Bergen fullførast. Den skal vere klar til sommaren. Deretter må studien gjerast på nytt, i større skala.
Det virkar svært lovande og spennande
Publisert: 19.11.2019 19:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28