Bjorli Skiheiser eigde heis- og skitrekkanlegget på Bjorli fram til konkursen 7. mai i år.
Etterpå har bustyrar Anders Gustav Bjørnsen arbeidd for å finne nye eigarar og før helga kom det eit bod på buet. Men det blei avvist av Sparebanken Møre, som er den største kreditoren i konkursen.
Gjelda ved konkursen var på omlag 40 millionar kroner.
– Det er kome eit bod, men banken synest det var litt for lavt, seier Bjørnsen.
Han vil ikkje kommentere kven som er bodgivar, eller storleiken på bodet.
Tidlegare eigarar
Det er eit grupperering av tidlegare eigarar som står bak bodet, stadfestar Sverre Sellæg Tysland.
Han var styreleiar i Bjorli Skisenter og er styreleiar i Bjorli Skisenter Holding. Holdingselskapet var eigar av Bjorli Skisenter.
– Vi kan dessverre ikkje kommenterer enkeltengasjement eller pågåande prosessar, skriv Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal i eit teksmelding til NettNo.
Næringslivsaktørar
Bjorli er eit populært hytteområde både for folk frå Ålesund- og Moldeområdet, mellom dei kjente personar frå næringslivet i regionen.
Gjennom selskapet Bjorli Utvikling ville dei utvikle Bjorli til ein større skidestinasjon, mellom anna ved å få etablert hotell, serveringsstadar og butikkar, samt inntil 1200 nye fritidsbustadar. Spesielt hotell er viktig, for å trekkje til seg besøkande også midt i veka.
Utan eit skianlegg i drift er det vanskeleg å sette desse planane ut i livet.
Har over 70 aksjonærar
I selskapa Bjorli Utvikling og Bjorli Skisenter Holding er det er det i stor grad dei same personane som sit som eigarar.
Bjorli Utvikling har over 70 aksjonærar. Største aksjonær er Eivind Volstad i Ålesund og familiens investeringselskap Volstad, med knappe 12 prosent av aksjane.
Wenche Kjøll Øverbø og Jan Kjøll i Molde eig knappe 10 prosent. Storaksjonær i Geogroup, Olbjørn Kvernberg i Molde og advokat Jon Ketil Gjørtz i Ålesund eig omlag 6,1 prosent kvar.
Fiskebåtreiar Astrid Louise Strand i Ålesund eig 5,2 prosent gjennom sitt selskap Octopus Invest.
Treng godkjenning
Før konkursen var Bjorli Skiheiser i gang med å førebu eit vedlikhald- og oppgraderingsarbeid på den store stolheisen i anlegget.
Det skulle gjerast i sommar og sikre at stolheisa fekk det naudsynte løyvet for frå Statens Jentbanetilsyn for nye 15 års drift.
Arbeidet vart lagt på is då Bjorli Skiheiser tidlegare såg at selskapet var i ferd med å gå tom for pengar.
Publisert: 02.06.2025 10:56
Sist oppdatert: 02.06.2025 10:56






