Tommelen ned for Norsk Sjoemat
VIL UTVIDE: Norsk Sjømat driv foredling av laks i anlegget på Stranda, men vil utvide med innandørs lakseoppdrett i Stordal. 
Nytt

Tommelen ned for Norsk Sjømat

Norsk Sjømat får ikkje utviklingskonsesjonar for oppdrett. Set Stordal-utbygging til halv milliard i fare.

02.05.2017
- Vi vil anke, seier dagleg leiar Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat etter at Fiskeridirektoratet avslo selskapet sin søknad om å få fire utviklingskonsesjonar for oppdrett.
No blir det fiskeriminister Per Sandberg som får klagen på bordet.

Halv milliard

Det ferske avslaget var ikkje det Grøndahl vona skulle markere starten på våren. Saman med lakseavlselskapet Aqua Gen har han store planar for å utnytte tomme møbelfabrikkhallar i Stordal til produksjon av laks.

Utviklingskonsesjonane er nøkkelen til å få økonomi i satsinga.
- Vi har eit prosjekt i Stordal vi skal investere 400-500 millionar kroner i og skape 50-60 arbeidsplassar, som dette er avhengig av, seier Grøndahl.
Han seier han reagerer på avslaget i ei tid då både Høgre og Arbeiderpartiet snakkar varmt om å få etablert nye arbeidsplassar.

Ettertrakta konsesjonar

Styresmaktene har sett eit tak på oppdrettsproduksjonen, mellom anna på grunn av uløyste problem med parasitten lakselus.
Men selskap som kjem opp med alternativet metodar og teknologiar for å drette opp laks kan søke om å få såkalla utviklingkonsesjonar, konsesjonar som blir delt ut på vilkår at mottakarane investerer i dei alternative produksjonsmetodane.
Det var fire slike konsesjonar Norsk Sjømat hadde søkt om, men fekk avslag på.

Innandørs anlegg

Planen er å drive oppdrettanlegg i ei lukka anlegg innandørs frå klekking og fram til fisken er 750 gram til ein kilo stor, før den blir sett ut i sjøen.
I sjøen skal eit nytt anlegg for avlusing av laks ved hjelp av varm damp takast i bruk. (Dagens metodar brukar lunka vatn).
Grøndahl og Norsk Sjømat meiner teknologi og metodar kvalifiserer til utviklingskonsesjon, men fekk altså ikke gjennomslag i Fiskerdirektoratet.

Publisert: 02.05.2017 15:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09