Nytt
Tommelen opp for Stordal
Norsk Sjømat på Stranda får oppdrettsløyve. Kan bety mange jobbar i Stordal.
27.12.2019
Nærings- og fiskeridepartementet har gjort Fiskeridirektoratets nei om til eit ja.
Norsk Sjømat Oppdrett, eit datterselskap av fiskeforedlingsbedrifta Norsk Sjømat på Stranda, får tildelt ein visningskonsesjon i Stordal.
"Vi har jobbet i mange år med å få på plass smoltanlegg og visningssenter i Stordal. At Norsk Sjømat får realisert tilsagnet om visningskonsesjon vil være avgjørende for å komme i mål med planene. Nå er vi svært nær ved å lykkes. Det er vi utrolig glade for" skriv Harald Espeland, prosjektleder Vekst i Stordal i ei pressemelding.
Det handla om investeringar på 400-500 millionar kroner og 50-60 nye arbeidsplassar i Stordal, sa Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndal til NETT NO våren 2018.
Norsk Sjømat søkte om å få ein såkalla utviklingskonsesjon, ei ordning med gratis konsesjonar for å stimulere til teknologiutvikling i oppdrettsbransjen for å løyse mellom anna lakselus og miljøproblem. Vilkåret for Stordal-satsinga var eit ja på søknaden, men Norsk Sjømat fekk avslag.
- Du kan skrive at eg er fly forbanna, sa Per Magne Grøndahl etter at departementet vedtok eit endleg avslag i fjor vår.
Hausten 2017 avslo Fiskeridirektoratet søknaden, men no at departementet avgjort klagesaka og vender tommelen opp.
Den søknaden var meir omfattande enn det selskapet no har fått ja til, og utbygginga no blir ikke like omfattande. Men Myking lovar satsing, og seier selskapet alt er i gang.
-Vi har allereie sett i gang planlegging. Vi går "all in", seier han.
Norsk Sjømat Oppdrett, eit datterselskap av fiskeforedlingsbedrifta Norsk Sjømat på Stranda, får tildelt ein visningskonsesjon i Stordal.
"Vi har jobbet i mange år med å få på plass smoltanlegg og visningssenter i Stordal. At Norsk Sjømat får realisert tilsagnet om visningskonsesjon vil være avgjørende for å komme i mål med planene. Nå er vi svært nær ved å lykkes. Det er vi utrolig glade for" skriv Harald Espeland, prosjektleder Vekst i Stordal i ei pressemelding.
Halv milliard
Norsk Sjømat har arbeidd i fleire år med planar om eit smoltanlegg og mange arbeidsplassar i tomme møbelfabrikklokale i Stordal.Det handla om investeringar på 400-500 millionar kroner og 50-60 nye arbeidsplassar i Stordal, sa Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndal til NETT NO våren 2018.
Norsk Sjømat søkte om å få ein såkalla utviklingskonsesjon, ei ordning med gratis konsesjonar for å stimulere til teknologiutvikling i oppdrettsbransjen for å løyse mellom anna lakselus og miljøproblem. Vilkåret for Stordal-satsinga var eit ja på søknaden, men Norsk Sjømat fekk avslag.
- Du kan skrive at eg er fly forbanna, sa Per Magne Grøndahl etter at departementet vedtok eit endleg avslag i fjor vår.
Siste sjanse
Men Norsk Sjømat hadde ein siste sjanse, at styresmaktene sa ja til ein såkall visningkonsesjon. Ein visningskonsesjon er ein rett til å bygge eit oppdrettsanlegg som er ope for publikum, der folk kan få sjå korleis oppdrettsverksemda blir drive. Visningskonsesjonar er gratis.Hausten 2017 avslo Fiskeridirektoratet søknaden, men no at departementet avgjort klagesaka og vender tommelen opp.
Arbeidet er i gang
Jarle Myking i Norsk Sjømat vil ikkje tidfeste når smolt- og oppdrettsanlegg skal vere ferdig eller kor store arbeidsplassar og investeringar det blir. Anslaga til Grøndahl i 2018 basere seg på at fekk utviklingskonsesjonane det søkte om.Den søknaden var meir omfattande enn det selskapet no har fått ja til, og utbygginga no blir ikke like omfattande. Men Myking lovar satsing, og seier selskapet alt er i gang.
-Vi har allereie sett i gang planlegging. Vi går "all in", seier han.
Publisert: 27.12.2019 08:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36