Tomtesal gav pluss for A Alesund Stadion
ÅLESUND: Bra resultat for Ålesund Stadion i fjor etter tomtesal. No ventar dagleg leiar Helge Blindheim (innfelt) på beskjed om når heile anlegget kan opnast.
Nytt

Tomtesal gav pluss for Ålesund Stadion

Eit tomtesal på 6,4 millionar kroner berga 2019 for Ålesund Stadion. Dagleg leiar Helge Blindheim håper på snarleg avkaring rundt koronaproblema.

05.05.2020
AaFK sitt A-lag trenar no tre økter i veka på stadion, men alle garderbober og dusjar er stengde, slik at spelarane kjem ferdig skifta til trening.
I tillegg foregår det også litt aktivitet for aldersbestemte lag på kunstgraset.
- Næringsdelen av stadionanlegget er i nokolunde normal drift, med unntak av vår kurs- og konferanse-avdeling som er heilt stengd, seier Blindheim.

Ventar på avklaring

Han seier at sjølv om det er snakk om eit privat eigd anlegg, forheld styret seg til dei råda som vert gitt av overordna organ som Norges Fotballforbund og Folkehelseinstituttet.
- Vi håper på at vi allereie 7. mai får ei avklaring på når vi gradvis kan kome tilbake til meir normale tilstander, seier Blindheim.
Color Group er hovedeigar av Ålesund Stadion KS med sine 39,6 prosent. Nest største eigar er Sparebanken Møre med 16,5 prosent. Olav Nils Sunde eig i tillegg 7,8 prosent direkte.

Mange lokale eigarar

Color Group, Sparebanken Møre og Olav Nils Sunde er også dei største eigarane av Ålesund Stadion AS, som eig 10 prosent av Ålesund Stadion KS. I tillegg er ei rekkje bedrifter i Ålesund og regionen rundt medeigarar i selskapet Ålesund Stadion KS.
Av dei som eig over 2 prosent er Tafjord Kraft (3.9), Farstad Shipping (3,0), Tyrholm & Farstad (2,7), Splika Industrier (2,3) og Brødrene Jangaard (2,0).
I fjor enda omsetning for Ålesund Stadion KS på 16,8 millionar kroner, opp frå 11,2 millionar året før.
- Hovudtynga kjem frå leigeinntekter fra Ålesund Fotball AS og dei andre leigetakarane, seier Blindheim.
Resultat før skatt enda på pluss 0,6 millionar, mot minus 4,2 millionar i 2018.

- Blodraudt utan tomtesal

Bak tala skjuler det seg eit tomtesal som gav ein reknskapsmessig gevinst på 6,4 millionar kroner.
- Utan tomtesalet hadde 2019 vore eit blodraudt år.
Komandittkapitalen er på totalt 83,7 millionar kroner, men av årsreknskapen går det fram at 27,9 millionar kroner av summen ikkje er innbetalt.

Målet er AaFK i Eliteserien

Blindheim seier at selskapet likevel har bra finansielle musklar til å takle utfordringane som restriksjonar på grunn av korona har ført til, så sant at dette ikkje vert svært langvarig.
Han ser fram til å kome i gang med sesongen.
- Målet er at vi skal ha eit lag i Eliteserien, og då må alt rundt laget også fungere.
- No ser vi fram til å kome i gang for fullt.

LED-lys

Han opplyser at det er planar om å skifte kunstgraset for tredje gang, og at ein i tillegg skal skifte ut dagens flomlys med meir effektiv og straumeffektiv LED-teknologi.
Høgt oppe på agendaen står også parkering og tiltak for å sikre god trafikkavvikling, spesielt etter at det har skjedd ei storstilt leilegheitsutbygging på Voldsdalsneset, og nye er på gang.
Ålesund Stadion KS har ei langsiktig gjeld på 69,9 millionar kroner.
Selskapet hadde ved årsskiftet 7,2 millionar kroner i omløpsmidlar.
Målet er at vi skal ha eit lag i Eliteserien, og då må alt rundt laget også fungere

Publisert: 05.05.2020 10:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56