Nytt
Tonga passerte millionen
Tonga Gardsbryggeri passerte millionen i omsetning første heile driftsår.
06.06.2017
Bryggeriet i Norddal starta som ein bigeskjeft, men no er salet blitt så stort at Synnøve Bjørnstad har heildagsjobb i drifta. 2015 var første heile driftsår. Det enda med over ein million i driftsinntekter og eit lite overskot (sjå tabell).
Så langt i år ser det også bra ut.
- Vi er framleis i auke, seier Bjørnstad.
I første omgang er målet å doble produksjonen samanlikna med i fjor, til rundt 50.000 liter, men Bjørnstad vil ikkje spå kor raskt det målet kan nåast.
I starten hadde dei ein produksjonkapasitet på berre 5000 liter i året, men auka den til 50.000 før 2016.
Distribusjonen til butikkar har dei gjennom Spesialgrossisten Slyngstadli i Sykkylven. Til hotell, restaurantar og Vinmonopolet står dei sjølve for mykje av distribusjonen.
- Det dukkar opp bryggeri over alt, seier Bjørnstad.
Sjølv om ho trur på vekst for denne type bryggeri ventar ho ikkje at veksten vil bli like stor som den har vore, mellom anna på grunn av at det også blir importert meir utanlandsk øl.
Så langt i år ser det også bra ut.
- Vi er framleis i auke, seier Bjørnstad.
I første omgang er målet å doble produksjonen samanlikna med i fjor, til rundt 50.000 liter, men Bjørnstad vil ikkje spå kor raskt det målet kan nåast.
Ombygd geitefjøs
Sambuarparet Bjørnstad og Stein Harald Døving har bygd om geitefjøsen på garden til bryggeri. Der dei og tek mot gjestar på omvisning og prøvesmaking. Nett no er dei i ferd med å bygge om eit silotårn til publokale.I starten hadde dei ein produksjonkapasitet på berre 5000 liter i året, men auka den til 50.000 før 2016.
Distribusjonen til butikkar har dei gjennom Spesialgrossisten Slyngstadli i Sykkylven. Til hotell, restaurantar og Vinmonopolet står dei sjølve for mykje av distribusjonen.
Mange aktørar
I løpet av få år et det etablert fleire bryggeri på Nordvestlandet, og i løpet av våren opnar også eitt bryggeri i Ålesund. (Les meir under Relaterte saker)- Det dukkar opp bryggeri over alt, seier Bjørnstad.
Sjølv om ho trur på vekst for denne type bryggeri ventar ho ikkje at veksten vil bli like stor som den har vore, mellom anna på grunn av at det også blir importert meir utanlandsk øl.
Vi er framleis i auke
Publisert: 06.06.2017 13:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10