Nytt
Topp-etasjen utseld i Ulsteinvik
Alle fire toppleilegheitene i bustad- og forretningsbygga Sjøsida i Ulsteinvik er selde.
07.04.2017
Den første av dei fire toppleilegheitene vart seld i fjor haust.
Etter årsskiftet er også dei tre andre selde. Det stadfestar utbyggingsselskapet Ulstein Utvikling.
Blant investorane er mellom andre Morten og Håvard Ulstein, Einar Martin Kristensen, Kjersti Kleven, Jogeir Romestrand og Gunvor og Tore Ulstein.
Ulstein Utvikling kommenterer ikkje kva pris husvera er selde for.
Rabatt eller ei er uansett snakk om sal av nokre av dei dyraste leilegheitene i Ulsteinvik og salet betyr også at Ulstein Utvikling no først og fremst konsenterer seg om å fylle det som er att av ledige butikk/forretninglokale i bygga.
Etter årsskiftet er også dei tre andre selde. Det stadfestar utbyggingsselskapet Ulstein Utvikling.
360 graders utsikt
Bygga - med i alt 42 husvere - sto klare då Ulstein opna den nye Sjøgata i sentrum i fjor sommar, og i toppleilegheitene i femte etasje er det 360 graders utsikt. Den største er på nesten 200 kvadratmeter og hadde ein prislapp på 10 millionar kroner i fjor.Blant investorane er mellom andre Morten og Håvard Ulstein, Einar Martin Kristensen, Kjersti Kleven, Jogeir Romestrand og Gunvor og Tore Ulstein.
Ingen kommentar til prisen
Aktørar som kjenner marknaden rekna med at utbyggingsselskapet gav rabatt på den opphavlege prisen, slik at prosjektet ikkje sprenger 10-million-grensa for leilegheiter i Ulsteinvik.Ulstein Utvikling kommenterer ikkje kva pris husvera er selde for.
Rabatt eller ei er uansett snakk om sal av nokre av dei dyraste leilegheitene i Ulsteinvik og salet betyr også at Ulstein Utvikling no først og fremst konsenterer seg om å fylle det som er att av ledige butikk/forretninglokale i bygga.
Publisert: 07.04.2017 15:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08