Toppsjefen overtok som kranfoerar
LARSNES: Verftsdirektør Jarle Gunnarstein overtok som kranførar denne veka. Han meiner det er viktig å finne utradisjonelle løysingar for å halde aktiviteten i gang.
Nytt

Toppsjefen overtok som kranførar

For å halde arbeidet i gang, overtok verftsdirektør Jarle Gunnarstein som kranførar. No skal verftet halde påskeope.

27.03.2020
- Eg tok kranførarsertifikat i 1986, og var den einast tilgjengelege då to av våre faste kranførarar vart sjuke, seier Gunnarstein.
Sande-verftet har denne veka overlevert den 84 meter lange brønnbåten Ro Vision til Rostein, ein båt som er verdas første hybride brønnbåt.

- Må finne løysingar

I tillegg har utrustningsarbeidet på søsterskipet Ro Venture nettopp starta opp.
- Vi kan ikkje la arbeidet stoppe opp, og då er det berre å sjå seg om etter utradisjonelle løysingar, seier Gunnarstein.
Han seier at han klarde seg bra som kranførar dei to dagane det pågjekk.
- Ja, det gjekk heilt fint. Eg køyrer faktisk kran fleire gongar kvart år.

190 innom portane

Gunnarstein er opptatt av at alle selskap som får lov til det må prøve å halde aktiviteten i gang under koronakrisa.
- Samfunnet kan ikkje stoppe opp, og i alle fall har vi no tilnærma full aktivitet.
- I dag har vi 190 arbeidarar innom portane.

Påskearbeid

Ved verftet er det mange arbeidarar frå Polen og Baltikum. Sidan desse får 14 dagar karantene om dei reiser heim i påska, og ytterlegare 14 dagar karantene når dei kjem tilbake til Norge, har verftet bestemt å halde aktiviteten i gang også i påska.
- Vi kan ikkje ha ein situasjon der mange av våre tilsette hamnar i karantene i 28 dagar. Det er det ingen som tener på, seier Gunnarstein.
Han opplyser at enkelte dagar i påska vert det likevel ikkje full aktivitet.
- Vi planlegg å ha halv dag skjærtorsdag og langfredag.
Vi kan ikkje la arbeidet stoppe opp, og då er det berre å sjå seg om etter utradisjonelle løysingar

Publisert: 27.03.2020 14:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55