Toppaar for Kjellen
KOMBI-FARTY: Thomas Ryste (biletet) lanserte under Næringskonferansen Søre Sunnmøre i vår planar om eigen båt for sine Klypa-show, der "Kjellen" er den mest kjende figuren. Planen er å bygge hos Vard, men båten er førebels ikkje bestilt. 
Nytt

Toppår for "Kjellen"

Toppen på Thomas Ryste sin treårsyklus blei ikkje like høg som den førre.

05.07.2018
Tidlegare bankfunksjonær Thomas Ryste satsa i 2010 på å leve på heiltid av "Kjellen" og dei andre figurane sine.
Underhaldningsverksemda blir drive gjennom selskapet Ryste Entertainment, som har organisert verksemda i tre-årssyklusar.
2017 var eit toppår i syklusen, der selskapet sat att med 1,5 millionar kroner i overskot før skatt av 5,7 millionar kroner i driftsinntekter.

Ikkje rekord

Sjølv om 2017 gjekk godt blei det ingen rekord. Den kom i 2014 då selskapet hadde 7,2 millionar kroner i driftsinntekter og fekk eit resultat før skatt på 2,5 millionar kroner.
Første år i syklusen skriv Ryste på eit nytt show, som har premiere på hausten. I år to - som er toppåret - har han mellom anna hatt show i Bergen, medan Kjellen & Co er meir på reisefot i år tre.
Konsekvensen er at det er i år to i syklusen som gir størst inntekter og ikkje minst overskot. Førre treårs-syklus gav til saman 15,5 millionar kroner i driftsinntekter og 2,8 millionar i overskot før skatt.
To år ut i noverande treårs-syklus er driftsinntektene 8,8 millionar kroner og resultatet før skatt 1,5 millionar kroner.

Publisert: 05.07.2018 15:13

Sist oppdatert: 16.03.2021 20:24

Mer om