Tore Roaldsnes planlegg ny vekst
NY START: Tore Roaldsnes planlegg å utvide Bluewild til eit fiskebåtreiarlag med minst tre båtar innan tre til fem år. 
Nytt

Tore Roaldsnes planlegg ny vekst

Tore Roaldsnes stritta mot å splitte fiskeriselskapet Nordic Wildfish då striden mellom eigarane spissa seg til, og var misnøgd då delinga var gjennomført. No er han glad det gjekk som det gjekk.

15.07.2020
- Det er eig god kjensle å ha lagt fisjonen bak seg og få vie all energi til å bygge opp eit nytt fiskeriselskap, seier Tore Roaldsnes, tidlegare toppsjef i Nordic Wildfish.
No har han installert seg i Tollboden i Ålesund, med fiskeriselskapet Bluewild, men dei same draumane som før - å bygge opp eit selskap med levandelagring av fisken før slakting ombord, eiga merkevare, forbrukarklare produkt og der alt restråstoff blir tatt vare på og vidareforedla.
Nordic Wildfish hadde ein synleg posisjon i norsk fiskerinæring og det skal også Bluewild ha.
Bluewild skal fiske kvitfisk (torsk, sei, hyse) og reker. I første omgang står å etablere ei stabil drift på timeplanen. Når det er gjort er det neste steg utvikling og vekst. Innan tre til fem år skal reiarlaget har minst tre båtar, i følgje Roaldsnes.

Splitta i tre

Nordic Wildfish var eitt av dei største fiskeriselskapa på Nordvestlandet. Kor tilspissa striden mellom eigarane var vart kjent i januar 2019, då NETT NO skreiv om striden, men usemja mellom eigarane hadde vart i fleire år, utan at dei greidde å løyse opp i konflikten. Eigarane var ikkje berre aksjonærar, men også slektningar. Tore og Pål Roaldsnes er brør, og Jan Harald Roaldsnes er søskenbarn til far til Tore og Pål.

Nytt styre vart vald, Tore Roaldsnes skifta ut som dagleg leiar - og så starta ein lang prosess for å dele selskapet - ein prosess Tore Roaldsnes seier han brukte tid på å erkjenne ikkje var til å unngå. 12. desember 2019 var alle detaljane i delinga på plass.
"Ekstremt krevande" seier han om prosessen, spesielt fordi partane i striden også var familie.
13. desember i fjor kunne NETT NO skrive at delinga av Nordic Wildfish var fullført. Pål Roaldnes tok over fiskebåten Molnes, Jan Harald Roaldnes tok over fiskebåten Roaldnes og Tore Roaldnes tok over fiskebåten Genesis, ein båt som er klassifisert som ein stor kystfiskebåt.

Kan gå raskare fram

Nordic Wildfish blei verdsett til 1,8 milliardar kroner ved delinga. Tore Roaldsnes sin andel var 35 prosent.
I tillegg til Genesis - som er i fiske - fekk han med kvotar som opphavleg var knytt til to farty. Han tok også over ein utviklingsavtale med Ulstein Group, om å utvikle eit nytt fiskefarty, eit prosjekt som skal halde fram.

Med i fisjonen fylgde 138 millionar kroner i gjeld, noko som tilseier at eigenkapitalen i selskapet er over 400 millionar kroner. Det er positivt for utviklinga av selskapet, meiner Roaldsnes.
- Eigenkapitalen tilseier at vi kan gå mykje raskare fram no, seier Tore Roaldsnes.

Meir kvote

I september tek Bluewild over fiskebåten Langenes frå Nordic Wildfish sin tidlegare minoritetseigar Engenes Fiskeriselskap.
Per i dag har Bluewild kvotar nok til å drive fiske med to båtar, i følgje Roaldsnes. Planen om ytterlegare fartøy krev difor at reiarlaget skaffar seg meir kvote.
Eigenkapitalen tilseier at vi kan gå mykje raskare fram no

Publisert: 15.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 17.02.2022 11:21

Mer om