Torghatten Vestfjorden ferje på hydrogen Ill Norwegian Ship Design
HYDROGENFERJER: Slik ser Norwegian Ship Design for seg at dei hydrogendrivne ferjene på Vestfjorden skal sjå ut. Illustrasjon: Norwegian Ship Design/Torghatten Nord
Nytt

Torghatten treng to hydrogenferjer

Torghatten vann konkurransen om ferjedrift. Fjord1 ville ha nesten dobbelt så godt betalt.

25.01.2022

Etter å ha vunne konkurransen om å drive ferjesambandet over Vestfjorden er neste steg for Torghatten Nord å finne verftet skal kan levere dei to ferjene. Anbodsperioden startar 1. oktober 2025.

Det er skipsdesignselskapet Norwegian Ship Design, stifta i 2019, som har utvikla designet for dei nye ferjene, saman med Torghatten Nord. Torghatten Nord er eit datterselskap i Torghatten-selskapet.

Ein sjanse for verft- og utstyrsindustri
Ferjene vil vere banebrytande for utvikling av bruk av hydrogen som energiberar på lengre distansar, meiner administerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord.

– Det blir satsa på hydrogen no, men det er ingen å selge til. Vi blir den første store innkjøparen av hydrogen i Noreg, takka vere Statens vegvesens og regjeringen sine klimaoffensive avgjerderr. Dette gir også betydelege moglegheiter for verfts- og utstyrsindustrien til å delta i kompetanseutviklinga innan bruk av hydrogen som energikilde, seier Torkildsen i ei pressemelding.

Ferjene skal kunne frakte 120 personbilar kvar, og minst 85 prosent av energibehovet skal dekkast av hydrogen på årsbasis. Kontrakten varer til 2040.

4,9 milliardar kroner
Torghatten Nord vann konkurransen om drive sambandet mellom Bodø og Lofoten/Røst med eit bod på 4,978 milliardar kroner.

Sambandet får offentleg støtte til drifta og vinnaren er den som krev minst støtte i kombinasjon om å oppfylle andre krav til drifta.

Selskapet konkurrerte i siste runde med Fjord1, Boreal og Norled.

Fjord1 sitt bod var på 9,5 milliardar kroner, Boreal ville ha 7,9 milliardar og Norled leverte to tilbod, det eine på 6,3 og det andre på 6,5 milliardar kroner.

Publisert: 25.01.2022 13:04

Sist oppdatert: 25.01.2022 13:56