Ode sitt torskeslakteri på Vartdal tok nyleg i mot ei stor levering frå lokalmiljøet.
Ein solid ventemerd i betong frå Marina Solutions i Ørsta skal sikre stabil drift ved slakteriet, opplyser oppdrettsselskapet i ei pressemelding.
Samfunns- og myndighetskontakt Falk Øveraas uttaler i meldinga at dei er stolte over å samarbeide med ein lokal leverandør, og at merden vil gjere at dei kan ha fisk i anlegget uavhengig av ver og vind.
Investeringa vil spele ei sentral rolle i Ode sin planlagde auke av produksjonen i 2025, blir det opplyst.
Den største frå Marina Solutions
Den nye ventemerden er på 25 gangar 24 meter i innvendige mål, er den største Marina Solutions har laga til no.
Merden er konstruert for signifikant bølgjehøgde på to meter, som er eit snittmål for storleiken på bølgjene. Den har også ein innvendig bølgjedempar som skal gi skydd for sjøen frå sørvest.
Den skal ha god kapasitet for torsken frå anlegga, som blir levert av den spesialtilpassa brønnbåten Ronja Ode.
Les også
Har dobla talet på tilsette
Selskapet som driv oppdrett av torsk ved seks ulike anlegg, kjøpte slakteriet på Vartdal frå Måsåval-konsernet i fjor. Då hadde dei kring 20 tilsette vore permitterte i lengre tid.
Ode uttala då at dei hadde som mål å auke til 100 arbeidsplassar innan eitt år.
Det nådde dei ikkje, men Falk Øveraas opplyser til Nett No at det no er over 50 tilsette i sving ved slakteriet.
Selskapet som i løpet av fjoråret fekk inn over 300 nye millionar frå eigarane, har også fått levert sin nye filetlinje for fersk torsk.
Øveraas fortel at selskapet har bygd ein meir omfattande filetfabrikk enn dei først planla, og at tidslinja difor er forskyvd. Målet om at dei skal bli 100 tilsette på Vartdal står framleis ved lag, legg han til.
Publisert: 03.03.2025 12:00
Sist oppdatert: 03.03.2025 17:25