Tosifra millionminus på drifta
Inntektene dekkjer ikkje driftskostnadane til Havila Kystruten i første kvartal.
For andre kvartal på rad har Havila Kystruten drive med alle sine fire skip i trafikk, og med høgare belegg og høgare prisar enn i 4. kvartal i fjor. Men inntektene må opp for å gå i pluss på drifta.
Driftskostnadane i kvartalet blei 310 millionar kroner, skriv selskapet i ei børsmelding, medan inntektene vart 293 millionar (sjå tabell)
Rentekostnadar på 158 millionar kroner og eit urealisert valutatap på 147 millionar kroner gjer at underskotet før skatt blir 358 millionar kroner i første kvartal. Det urealiserte valtuttapet skuldast at selskapet har lån i euro.
Trur på auka prisar
Havila Kystruten hadde eit belegg på 68 prosent i første kvartal, mot 60 prosent i 4. kvartal i fjor.
Gjennomsnittsinntekt per lugar auka frå 3100 kroner i 4. kvartal i fjor til 3900 i 1. kvartal i år, og selskapet meiner det er råd å auke inntektene per passasjer og lugar enda meir:
"Selskapet ser samtidig et godt potensial for videre økning i ACR (gjennomsnittleg lugarrate, red merk) , da de realiserte prisene fortsatt påvirkes av billettsalg fra tidligere år. Ved kanselleringer har man måtte booke om gjester til samme pris, og på større grupper var realisert pris lavere for å bygge opp merkevaren og et grunnbelegg. Reiser solgt via egne kanaler kort tid før avreise oppnår derimot vesentlig bedre priser.", heiter det i kvartalsrapporten.
Hittil i år er det selt billettar som tilsvarar 66 prosent kapasitetsutnytting på årsbasis og selskapet reknar med at kapasitetsutnyttinga vil bli i underkant av 80 prosent i år.
Havila Kystruten as | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 292,9 | 116,5 |
Driftsresultat | -57,6 | -120,4 |
Resultat før skatt | -358,3 | -202,7 |
Publisert: 30.05.2024 19:09
Sist oppdatert: 30.05.2024 19:11